Hopp til innhold

Trur på eventyrleg makrellfiske

Årets makrellfiske kan bli det beste på mange år. I fiskeværet Kalvåg ligg båtane i kø for å levere makrell.

Årets makrellfiske kan bli det beste på mange år.
Fjord-makrellen trekkjer stadig lenger nord - og i fiskeværet Kalvåg ligg båtar frå heile sør-Norge og Danmark i kø for å levere.

SJÅ TV-SAKA: Fiskebåtane ligg i kø for å levere makrell i Kalvåg.

Makrellfangst i Kalvåg

FULLT LASTEROM: Makrellbåtane kjem inn søkklasta.

Foto: Birger Meland / NRK
Makrellbåt til kai i Kalvåg

PUMPAR OPP MAKRELLEN: Fangsten går gjennom dette røyret inn på anlegget.

Foto: Birger Meland / NRK
Makrellbåtar i Kalvåg

BÅTANE STRØYMER TIL: Med dårleg vêr ute på feltet kjem båtane inn til Kalvåg

Foto: Birger Meland / NRK

Med ein pris på fire kroner kiloen, tener mange fiskarar godt på kort tid. Ein av båtane leverte i natt fisk for 50 000 - 60 000 kroner.

– Det er gode tider for fiskaren, som tener mykje pengar no, seier driftsleiar Eilif Hammersland på mottaket til Norway Pelagic i Kalvåg.

Det er fjordmakrellen som stadig trekkjer lenger nord. Fiskebåtar frå heile Sør-Norge og også Danmark, ligg no utanfor kysten av Sogn og Fjordane.

Sjeldan har makrellfisket føregått så langt nord på Vestlandskysten.

Tek imot 2500 tonn

Mottaket i Kalvåg har travle dagar. Berre i dag var det meldt inn 16 båtar.

Norway Pelagic i Kalvåg er eit av dei små makrellmottaka og tek imot om lag 2500 tonn. Ein sjark kan på ein god dag komme inn med rundt 15 tonn.

– Det har vore veldig godt fiske, sjølv om fisken har vore liten, seier han.

Eit par veker til

Hammersland fortel at det er større mengde med fisk, men at det er ein del mindre enn vanleg. Det meste av det som dei får inn, hamnar i utlandet.

– Vi eksporterer nesten alt saman. Fisken blir frosen ned og så går konteinarar til Afrika med den minste fisken. Den største blir ståande her i påvente av at Europa vil ha den, seier han.

Hammersland reknar med at fisket varer i om lag to veker til.

– Då byrjar vêret å bli for dårleg og kvotane er fiska opp.