Hopp til innhold

Trur kraftverk har hindra flaumar

Utan dei mange regulerte vassdraga ville vi langt oftare stått overfor flaum. Det trur både NVE, kommune og Statkraft. I Høyanger, som er omgitt av elvar, har ein ikkje opplevd storflaum på 40 år.

Særleg i dei korte og bratte vassdraga på Vestlandet har kraftutbygginga hatt ein temmande effekt meiner ekspertane.

NVE i Førde

KLAR TREND: Regulerte vassdrag er ofte meir skånte mot flaum, konstaterer Norges vassdrags- og energidirektorat.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Eit regulert vassdrag vil kunne styrast. Slik får ein ofte ein mindre flaum enn kva ein ville fått i ein naturleg situasjon i eit uregulert vassdrag, seier Gunnstein Brakestad, regionsjef i NVE region vest.

Eit av dei beste eksempla på dette finn ein i Høyanger. Høyangervassdraget med sine mange elver har ikkje hatt storflaum med større materielle skader på over ein generasjon.

Flaumen i Lågen har vekt gamle minner

Bileta frå storflaumen i Gudbrandsdalen og Mjøs-traktene den siste veka har vekt gamle minner blant dei eldre i Høyanger. Minner frå storflaumen i 1971.

Daleelva i Høyanger 2011, Malvin Breidablik

MINNEST STORFLAUMEN: Malvin Breidablik.

Foto: Vidar Gudvangen, NRK

NRK.no tok tidlegare i veka turen til Høyanger der vi møtte den pensjonerte kraftverksarbeidaren Malvin Breidablik (84) ved nettopp Daleelva.

– Til og med her som vi står no, rasa det også ut. Elva tok føre seg og var begynt å grave seg innover i svingen her. Og den brua der borte, den kunne vi ikkje bruke, den knakk jo, fortel Breidablik mens han speidar utover elva som renn langs Storgata i Høyanger sentrum.

Store øydeleggingar

Hausten 1971 opplevde industrisamfunnet sin verste flaum i nyare tid. Etter kraftig nedbør steig elvane, og sjølv nedtapping av dei regulerte vassdraga var til inga nytte. Vassmengdene kom for brått for tiltaka som vart sette i verk, og samanlikna med dagens anlegg hadde ein mindre kontroll på vassdraga.

Siplo- og Daleelva gjekk over sine breidder og pløygde seg gjennom sentrum. Gater vart rivne opp, kjellar fylte av vatn. Ein kunne leggje til med båt på den vidaregåande skulen

(Artikkelen held fram under biletet.)

Daleelva i Høyanger, flaum 1971

1971: Slik såg det ut i Høyanger sentrum i september 1971.

Foto: NRK

– Ja, då var ikkje elva tam. Den store brua i sentrum datt jo ned. Gudskjelov ramla ho ikkje heilt ned og stengde for vatnet, minnest Breidablik.

Han hugsar godt septemberdagen då naturkreftene herja med tettstaden.

– Det rauk nokre hus og nokre forretningar i sentrum, men ingen blei skadde. Ikkje eitt menneske, sjølv om det var mange som prøvde å bli det. Eg stod her nede og såg, då var det ein som kom gåande på den brua som forsvann berre ein time etterpå...

Sjukehus måtte evakuere

Alle dei tre bruene som knytte sentrum og Sæbøsida saman, vart sette ut av spel. På eit tidspunkt var også dåverande Høyanger sjukehus med sine 40 pasientar truga av flaummassene.

– Pasientane vart evakuerte til eit internat der dei var trygge, fortel Breidablik.

Høyanger sjukehus

MÅTTE EVAKUERE: Høyanger sjukehus var truga av flaumen i 1971.

Foto: Fylkesarkivet

Trur kraftreguleringa har hindra flaum

Etter storflaumen er fleire vassdrag bygde ut, og elveløpa ytterlegare sikra. Sidan 1971 har høyangeringane vore skåna frå storflaumer og materiell skade. Det er mykje takka vere vasskrafta, trur kommunalteknisk sjef Arne Hauge i Høyanger kommune.

– Vi opplever at den reguleringa som er ved at ein har kontroll på vasstraumen til ei kvar tid, er veldig nyttig. Det har vi sett. Vi har jo hatt flaumperiodar i Høyanger også etter 1971, der det har vore fare. Men dei passar på og har overløp frå ein dam til ein annan. Det er klart at ein har ein kontroll på kva som eigentleg kan skje, seier Hauge.

Han trur ein utan den ytterlegare utbygginga og ikkje minst sikringa av vassdraga som har vore gjort i Høyanger siste tiåra, ville ha vore tilbake til situasjonen ein hadde før 1971.

– Då kom elvane når dei kom, og så fekk ein berre håpe at det roa seg.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Daleelva i Høyanger 2011

MEIR SIKRING: I neste veke markerer NVE og Høyanger kommune at Daleelva er ytterlegare sikra og no skal tåle ein 200-årsflaum. Her er elveløpet langs bustadfeltet Olaibøen på Dale.

Foto: Vidar Gudvangen, NRK

NVE: – Har verka dempande

Hauge har nok rett, trur Gunnstein Brakestad, regiosjef i NVE region vest. Han meiner det ikkje er tilfeldig at Høyanger tettstad har vore skåna for dei store øydeleggingane dei siste 40 åra.

Knut Fjerdingstad

HAR REISKAP, MEN... Knut Fjerdingsstad i Statkraft meiner ein i små og bratte vestlandsvassdrag har store føremoner av vasskrafta, men trur ikkje ein kan hindre flaum i store vassdrag som Lågen og Glomma.

Foto: NRK

– Eg vil nok tru at reguleringane i Høyangervassdraget er medverkande til at vi ikkje har hatt nokon veldig dramatiske flaumar sidan 1971. Det var rett nok ein stor flaum også i 1983, men reguleringane i seg sjølv vil nok normalt kunne manøvrerast slik at dei har ein flaumdempande effekt, seier Brakestad.

Forklaringa er at ein i kraftutbygde vassdrag har teknologien til hjelp, seier Knut Fjerdingstad, pressetalsmann i Statkraft som står bak kraftanlegga både i Høyanger, Luster og Årdal.

– Vi har magasin som vi kan stengje og lukke. Så då kan vi sperre alle luker.

Trur ikkje Austlendingane kan regulere seg frå flaum

Korkje Brakestad i NVE eller Fjerdingstad i Statkraft har derimot tru på at ein kan regulere seg bort frå flaumar som den ein har sett i Gudbrandsdalslågen.

Området med sine mange nedbørsfelt blir rett og slett for stort, samanlikna med dei kortare og ofte meir vertikale vassdraga på Vestlandet som går rett i fjorden.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ødeleggelser etter flommen

OPPLAND 2011: Store øydeleggingar i Gudbrandsdalen etter flaumen sist veke.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

– Eg trur det skal mykje til for å demme opp så store vassmengder som det er snakk om her. Det er enormt mykje vatn som kjem frå veldig mange stader. Slike situasjonar som oppstår i dei store elevene på Austlandet frå år til anna er nok vanskeleg å gjere noko med, sjølv med stor kraftutbygging, vedgår Statkraft sin talsmann.

Sportsfiskar: – Har både tapt og funne på krafta

I Høyanger pågår i desse dagar nok ei kraftutbygging. Statkraft byggjer ut for nær milliarden i Høyangerfjella. Samstundes har NVE nyleg avslutta nok ei oppgradering av flaumsikringa i Daleelva. Den skal no tåle ein 200 årsflaum.

Men også kraftutbygginga har hatt ein pris - for livet i vassdraga.

Rolf Tveit

MILJØET: Kraftutbyggingane har påverka livet i elva, men Statkraft har vist seg som ein ansvarleg utbyggjar, meiner Rolf Tveit i Høyanger jeger og fiskeforening.

Foto: Vidar Gudvangen, NRK

– Vi har truleg både tapt og vunne på kraftutbygginga, seier Stig Tveit, leiar i fiskeutvalet i Høyanger Jeger og fiskeforening.

På minussida har vegetasjonen i elveløpet, som gir mat til fisken, gang på gang blitt råka i samband med flaumsikringstiltak.

På plussida har kraftverkseigar Statkraft finansiert eit eige klekkeri for lakseyngel som Jeger og fiskeforeningen står for drifta av. Tveit er også glad for at ein i seinare år også er blitt mer bevisste på minstevassføringa i mindre sidevassdrag, som no har mykje yngel.

Rosar samarbeidet

– Vi har eit godt samarbeid med Statkraft, og eg vil seie at vi har fått det beste vi kan få utav det. Statkraft har gjort ein kjempejobb med å prøve å bevare mest mogleg av den naturlege fisken. Ein treng ikkje reise lenger enn til Førde og Jølstra der ein finn eksempel på eit heilt anna regime, seier Tveit.

Frå eit fiskarperspektiv understrekar han at frie elver sjølvsagt er det ein føretrekk, men Daleelva i Høyanger har i dag ein levande laksestamme og eit aktivt sportsfiskarmiljø.

«Alt vatn i røyr...»

Og når fiskarane er nøgde, har kraftverksveteran Malvin Breidablik berre ei melding til dei som måtte vere i tvil.

– Det skal renne i røyr. Alt. Viss ikkje er det jo bortkasta. Det er vatnet vi lever av, så får vi heller ta ei og anna ulempe som kjem med det. Eg trur det knapt finst mostandarar av vasskraft her i Høyanger. Dei skal ein leite godt etter, ler 84-åringen.