Hopp til innhold

Kraftsjefen trur ikkje på meir rettferdig nettleige

Styreleiar Per Kjøllesdal i SFE meiner samanslåing av nettselskapa er feil medisin for lågare nettleige. – Det vil berre smørje urettvisa utover fleire, seier han.

Per Kjøllesdal

URETTFERDIG: Styreleiar i SFE, Per Kjøllesdal, er usamd med Frank Willy Djuvik (Frp) i at nettleiga blir lågare gjennom endringa til regjeringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Regjeringa vil skilje ut nettselskapa frå straumleverandørane , og meiner dette vil gje lågare nettleige i Sogn og Fjordane.

– Ser du på området samla, så vil det ikkje det. Det vil smørje urettvisa og tynne systemfeilen utover fleire, seier Per Kjøllesdal, styreleiar i Sogn og Fjordane Energi.

Gir lågare nettleige

Frank Willy Djuvik

ENDRAR: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner endringane vil gje abonnentane lågare nettleige enn i dag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nettleiga er høg i Sogn og Fjordane grunna store kostnader med å byggje eit straumnett som skal sende grøn kraft til andre delar av landet.

Frank Willy Djuvik (Frp) meiner endringa regjeringa ynskjer å gjennomføre er ein klar marsjordre til å fusjonere nettselskapa på Vestlandet.

– Så vil også ei slik ordning føre til at forbrukarane i spreiddbygde område som Sogn og Fjordane, men som likevel produserer veldig mykje straum, får mykje lågare nettleige enn det ein har hatt i dag, seier han.

Må endre ordning

Kjøllesdal meiner problemet er regionnettariffen. Slik reglane er no, må regionen som byggjer ut kraft også betale kostnaden. Sjølv om dei byggjer for at andre skal få straum.

– Det er mi heilt klare oppfatning at det er urettferdig at vi har eit system som gjer at abonnentar i Sogn og Fjordane må betale for utbyggingar som er naudsynte for andre område, seier han og meiner rette medisin er ei utjamningsordning.

– Det dreier seg rett og slett om å endre ordninga slik at rekninga for utbygging som vi ikkje har bruk for sjølv, blir fordelte, seier han.