Hopp til innhold

Vil framstille innbrotssikta for fengsling

Politiet håpar å framstille den sikta etter innbrotsraidet i Nordfjord for varetektsfengsling. – Vi har trur på det kan vere fleire personar og bilar involverte, seier lensmann Lasse Trosdahl.

Lasse Trosdahl, lensmann i Stryn

LENSMANN: Lasse Trosdahl håpar å få varetektsfengsla den sikta etter innbrotsbølgja i Nordfjord. – Mannen vart pågripen etter publikumstips, og eg håpar folk som har sett bilen tek kontakt med oss, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Litauaren i 20-åra vart tysdag pågripen i ein mørk engelskregistrert Golf stasjonsvogn på ein parkeringsplass ved Kråka i Olden.

– Vi har førebels berre funne småtteri av tjuvegods, og han har ikkje sagt stort i det heile. Han sit i avhøyr akkurat no, seier Lasse Trosdahl, lensmann i Stryn.

Vil fengsle

Mannen er sikta i samband med dei mange innbrota og tjuveria som var i Stryn og Hornindal i helga. Han vart pågripen etter tips frå publikum.

Ifølgje avisa Møre-Nytt har det også vore innbrot på Vartdal i Ørsta. Bilen har vore observert i grenseområdet mot Søre Sunnmøre.

Mann pågripen i Stryn

BILEN: Litauaren i 20-åra vart pågripen på parkeringsplassen ved Kråka

Foto: Politiet

– Vi prøver å avdekkje bevegelsane hans, og kartlegge kva han har drive med tida han har vore i området vårt. Målet er å få han varetektsfengsla så vi får tid til å gå igjennom materialet og kontroll på kva han har drive med, seier Trosdahl.

– Trur de han har vore åleine?

– Vi har tru på at det kan vere fleire personar som er involverte og at det kan vere fleire bilar. Vi oppmodar folk om å ta kontakt om det er nokon som vekkjer mistanke.

innbrotsraid