Hopp til innhold

Trur Fannemel kan ta medalje

Onkel, og leiar i hoppkomiteen i Sogn og Fjordane, Gunnar Fannemel, trur Anders Fannemel (20) kan ta VM-medalje i verdas største hoppbakke, Vikersund.

Video Fannemel gav Norge en flott start

PERS: Fannemel strekte seg til 216 meter då Norge tok bronse under laghoppinga i Oberstdorf i helga.

Foto: Nyhetsspiller

Meisterskapen startar onsdag og blir avslutta søndag med lagkonkurranse. I dei siste lagkonkurransane har Anders Fannemel vore førstemann ut for det norske laget. Det har enda med gull og bronse.

Individuelt har han fleire plasseringar blant topp 15. Gunnar Fannemel trur 20-åringen frå Hornindal kan ta medalje i Vikersund.

– Han kan strekkje seg langt. Han har bevist no at han kan strekkje seg langt om han frå maksimale forhold og alt klaffar. Dersom Morgenstern, Koffler eller nokon av dei andre norske hopparane er det, så har Anders hoppa jamt med dei, seier han.

– Overraskande god

Anders Fannemel sjølv legg lista noko lågare. Om han no er utteken til VM, så må han prestere for å vere mellom dei fire som får hoppe kvalifisering.

Vikersund er verdas største permanent oppbygde hoppbakke. Bakkerekord, og verdsrekord, er 246,5 meter ved Johan Remen Evensen.

Anders Fannemel

MOROSAMT: Fannemel var godt nøgd med å få plass på VM-laget.

Foto: Josefsen, Jon-Michael, Jon-Michael Josefsen / Scanpix

Sjølv reknar han det norske laget, med Anders Bardal, Rune Velta, Tom Hilde og Bjørn Einar Romøren, som sterkt. I fjor hoppa Fannemel 190 meter i Vikersund. I helga persa han seg med 26 meter.

– Fokuset blir eigne arbeidsoppgåver, så får ein sjå kva det held til. Hoppar eg bra, og ikkje blir teken ut så er det greitt så lenge eg får til gode skihopp. Men hoppar eg som eg har gjort i det siste, så kan eg vere mellom dei 15 beste. Om eg får vere med i konkurransen, seier Fannemel.

– Utruleg stort

– Men det blir morosamt og utruleg stort. Målet denne sesongen var verdscupen, og VM berre ein slags bonus. Så det var ekstremt morosamt å bli teken ut, held 20-åringen fram.

Med seg frå pressekonferansen fekk han også lovord frå landslagstrenar Alexander Stöckl:

– Du har vore overraskande god dei siste vekene. Du kjem inn og konkurrerer og presterer. Sjølv med presset opp mot VM no, så klarer du å prestere, sa han.

Ikkje overraska

Med bakgrunn i dei siste hoppkonkurransane, var ikkje Fannemel overraska over uttaket. Det var heller ikkje onkelen, og leiaren i hoppkomiteen i Sogn og Fjordane.

– Vi i miljøet veit at han har vore nærme verdscuputtak fleire høve, men anten har det blitt skade eller så har formen svikta.

– Kor stort er det å få vere med på denne verdsmeisterskapen?

– Som utøvar, og for oss, så er det nok så stort som det kan bli. Vikersund har byrja å få eit rennome, og austerrikarane har hatt det som eitt av sine hovudmål for sesongen, seier Gunnar Fannemel.

– Det er mogleg

For eit hoppmiljø som tel opp mot ti utøvarar som trenar aktivt og har løyst miljø, håpar komitéleiaren at Fannemel sin VM-billett kan virke inspirerande.

Det store løftet for 20-åringen kom etter at han reiste til Lillehammer for å byrje på gymnas. Det er først denne sesongen han har fått konkurrert utanlands som verdscupdeltakar.

– Dette viser at det er råd å komme frå småplassar og gjere det stort. Eg håpar dette også inspirerer fleire til hoppsporten frå heile landet, seier Gunnar Fannemel.