Hopp til innhold

Rusmisbrukar truga med å valdta politimann

Ein nordfjording i 20-åra er i Fjordane tingrett dømt til fengsel i eitt år og ni månader for ei rekke hendingar, blant anna for å ha truga ein politimann med valdtekt.

Væpna politiaksjon i Måløy

TRUSLAR: Mannen oppførte seg oppfarande og trugande under pågripinga i Måløy i sommar.

Foto: NRK.no-tipsar

I juni i år rykte politiet ut etter meldingar om høglydt krangel som var til sjenanse for forbipasserande. Politiet vurderte at det var nødvendig å gripe inn i situasjonen.

Den tiltalte skal så ha truga polititenestemannen med å lage eit helvete for han og sagt at han ville knuse han. I tillegg har den tiltalte truga ein annan polititenestemann med å knuse tryne hans, kle han naken og valdta han om han ikkje slapp handjarn.

Under pågripinga skal han ha vore krakilsk, og sparka og skalla etter politibetjentane.

Retten seier dei ser svært alvorleg på vald og truslar mot politiet.

– Politiet skal utøve ei viktig oppgåve i samfunnet og har då krav på eit særskilt vern for å kunne utføre sine arbeidsoppgåver., heiter det i domen.

Truga med å sette fyr på Malakoff-scena

Ein månad seinare prøvde nordfjordingen å true seg til å vere frivillig under Malakoff-festivalen. Han trua blant anna med å sette fyr på scena. Same dag truga han ein annan med kniv.

Den tiltalte seier han kjende seg urettferdig behandla. Han var rusa og erkjende trugsmålet i retten, men sa at det ikkje var seriøst meint.

Den fornærma opplevde trugslane som ubehagelege.

Nordfjordingen kom og i basketak under ein fest og inviterte til slåstkamp utanfor. Forbipasserande fekk skilt kamphanane, men tiltalte henta kniv som han kom tilbake og trua med.

Sa seg skuldig i narkobruk

Den tiltalte har erkjent seg skuldig i narkobruk, men nekta straffskuld for resten.

Aktor kom med påstand om fengsel i eitt år og ni månader. Straffa er ei fellesstraff med ein tidlegare dom. Varetekt kjem med frådrag med 202 dagar.

Nokre månader i førevegen vart den tiltalte dømd til eitt år fengsel, der seks månader var på vilkår. Etter dette har ham gjort tilnærma same lovbrot. Nordfjordingen er domfelt ei rekkje gonger utan å ta lærdom av det.

Retten kunne ikkje sjå at den tiltalte var inne i rehabiliteringssituasjon som tala for samfunnsstraff slik forsvarar bad om.

– Sjølv om tiltalte kan ha eit ønske om å bli rusfri, komme i arbeid og etablere seg i samfunnet, er retten sterk i tvil med omsyn til om han per i dag er tilstrekkeleg motivert for å klare dette, står det i domen.

Retten oppmodar om å legge til rette for såkalla paragraf 12-soning, som inneber soning på institusjon eller behandlingsstad for rusavhengige.