– Røm eller lar du Høyangbjørn MC vere i fred, sto det i brevet.
– Vi blei redde, veldig redde, det blei vi, seier røyrleggjar Jarle Gjertsen.
Lappen med truslane låg under ein stein framfor inngangsdøra til forretninga til Gjertsen. Nyleg sende han eit brev til Fylkesmannen der han klaga på støy, knuste ølflasker og at vindauge i forretninga hans var knuste. Skulda la han på næraste naboen – Høyangbjørn Motorclub. I brevet gjekk Gjertsen i mot av MC-klubben skulle få utvide lokala.
I går morgon hadde NRK Sogn og Fjordane ei lita nyheitsmelding på klagen, og Gjertsen meiner det utløyste trusselbrevet – sjå: Høyangbjørn klaga inn for Fylkesmannen.
– Tek avstand
Geir Hellebust i Høyangbjørn seier han tek sterk avstand frå brevet og kallar det for toskeskap. Han håpar at medlemane i klubben er så pass vaksne at dei ikkje gjer slikt. Hellebust seier han ønskjer eit fredeleg naboskap – og det same seier Jarle Gjertsen:
– Eg vil ikkje ha dei vekk, men vil at dei skal oppføre seg som andre naboar, og slik dei vil at vi skal oppføre oss overfor dei.
Lensmann i Høyanger, Olav Hellebø, seier han forstår at Gjertsen føler seg truga, og har teke kontakt med medlemer i MC-klubben.