NRK Meny
Normal

Trudde skikøyrar hadde køyrt utfor - starta redningsaksjon

Både Røde Kors, skredgruppa til Hafslo Røde Kors og politi vart kalla ut etter at ein trudde ein skiløpar hadde køyrt utfor Teigafjellet i Sogndalsdalen.

Laster kart, vennligst vent...

– Vi fekk melding frå folk som hadde sett eit lys køyre nedover dalsida på fjellet. Dei følgde lyset ut forbi kanten, men etter ei stund vart lyset ståande heilt i ro. Etter ei stund tok dei kontakt med politiet fordi dei tykte det verka rart, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Mannskap frå Røde Kors i Sogndal vart kalla ut, og skredgruppa frå Røde Kors på Hafslo var på veg, i tillegg til politiet.

Er i god behald

– Vi tok dei grep som var naudsynte med tanke på at vi ikkje visste kva som var skjedd, seier Rimmen.

Like før klokka 19 fekk politiet melding om at to skigåarar, ein nordmann og ein svenske, var trygt nede att på riksveg 5 i Sogndalsdalen og i god behald.

– Dei hadde fått problem at eitt eller anna slag, men dei er no nede og alt er i orden, seier Rimmen.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast