På Stadlandet i Selje har torskeoppdrettsselskapet Atlantic Cod Farms tapt kring 90 millionar kroner dei siste åra.
Administrerande direktør, Kenneth Brandal seier forholda er vanskelege.
- Akkurat no driv vi med balanse, men ser vi 2010 under eitt blir det minus også i år, seier Brandal.
Biologiske utfordringar
Også i Davik, ved torskeoppdrettsselskapet Norsk Marin Fisk har ein tapt fleirfaldige millionar dei siste åra.
På landsbasis har fire selskap gått konkurs på tre år, ifølge Finansavisa.
- Det er biologiske utfordringar i sjøen, konkurranse med villfisk og billeg asiatisk fisk på marknaden er årsaka til at torskeoppdrettarane slit.
Det seier direktør i fiskeri- og havbruksnæringa, Trond Davidsen.
Budsjetterte med tap
Brandal var klar over dei dårlege forholda i næringa, og budsjetterte med tap då Atlantic Cod Farms starta opp.
- Dei første fire-fem åra har vi budsjettert med eit tap på omlag 50 millionar kroner.
Brandal meiner dei har vore blant dei dyktige og heldige. Selskapet henta 240 millionar i eigenkaptital-marknaden.
- Det er det ikkje alle som har klart. Då går dei konkurs.
- Treng modige investorar
Trond Davidsen i Fiskeri- og havbruksnæringa er likevel optimist:
- Verden vil ha sjømat, og norsk torskeoppdrett kan bli eit viktig supplement til villfang av torsk og anna kvitfisk.
Men for å få til dette, må det først bli tatt tak i dei biologiske utfordringane. I tillegg må det til til risikovillig kapital, det vil seie investorar som kan satse på noko nytt.
- Det var sånn vi fekk opp laksenæringa. På same måten kan vi lykkast med torskenæringa, trur Davidsen.