Hopp til innhold

Sogn og Fjordane treng fleire som desse to - har stort behov for utanlandsk arbeidskraft

Skal bedrifter overleve i framtida, må fleire av flyktningane og arbeidsinnvandrarane busetje seg i Sogn og Fjordane. Det går fram av næringsbarometeret som vart lagt fram i dag.

Goitom Asefaw frå Eritrea og Aloyzas Pleita frå Litauen

HAR FUNNE SEG TIL RETTE: Goitom Asefaw frå Eritrea og Aloyzas Pleita frå Litauen trivast godt ved Brødrene Aa i Hyen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Brødrene Aa i Hyen

VED FJORDEN: Her ved Brødrene Aa i Hyen jobbar det 120 personar, 40 prosent av dei er utanlandske.

Foto: NRK

Ei av bedriftene som satsar på å sysselsetje flyktningar, er Brødrene Aa i Hyen. Dei har mange arbeidsinnvandrar, og tilsaman utgjer utlendingane ein tredel av dei tilsette.

Ein av dei er Goitom Asefaw frå Eritrea som jobbar ved verksemda. Han har budd i Norge i seks år, og målet var å få fast jobb.

– Det at eg har fått sjansen i Hyen, betyr at eg har fast lønn, får snakke norsk og blir integrert i samfunnet. Det er viktig for trivselen. Kollegaene er flinke til å forklare og fortelje korleis det norske samfunnet fungerer, seier han.

Han har fire born som går på skule på Sandane, og kona er i arbeidstrening.

– Vi trivst godt og blir verande på Sandane. Der er det mange andre frå Eritrea, og vi har både norske og afrikanske her, seier han.

Vil trenge mange i åra framover

Næringsbarometeret i Sogn og Fjordane blei lagt fram i dag. Der kjem det mellom anna fram at 11 prosent av bedriftene som har vore med i undersøkinga, har meldt frå om at dei vil trenge utanlandsk arbeidskraft i år for å halde hjula gåande.

Gloppen er blant kommunane i landet som gjer det best når det gjeld å få flyktningar over til utdanning og arbeid. Brødrene Aa har noko av æra for det. Dei er leiande innan produksjon av hurtigbåtar i karbonfiber og produserer årleg fem-seks båtar til reiarlag over heile landet. Her er 40 prosent av ein arbeidsstokk på 120 personar utlendingar.

Vil flytte heile familien

Ein av dei er arbeidsinnvandrar Aloyzas Pleita frå Litauen, Han pendlar frå Litauen til Hyen. Her er han sju veker om gongen medan familien bur i heimlandet.

– Eg har jobba i Norge i over sju år. Det blei Norge fordi landet trengde arbeidarar. Eg likar meg her og vurderer etter kvart å ta med kona og born til Gloppen, seier han.

Arbeidsleiar Vidar Rygg seier det er eit krydder i kvardagen at dei har fleire nasjonalitetar ved verftet. Samstundes byr det på utfordringar

– Det går mest på kommunikasjon. På grunn av språkvanskar må vi kanskje forklare ting eit par ekstra gonger, men eigentleg går det greitt, seier han.

Fokus på godt arbeidsmiljø

Bedrifta i Hyen er opptekne av å ta samfunnsansvaret på alvor. Men samstundes er dei heilt avhengige av dei utanlandske arbeidarane.

– Det er avgrensa tilgang på norske arbeidarar så difor treng folk frå andre land. Vi prioriterer å få til eit godt samarbeid og det er noko vi har fokus på. Målet er ein bra arbeidsgjeng, og eg trur vi har lykkast med det.

Har tett samarbeid med NAV

Det var for 10–12 år sidan av bedrifta merka behovet for større tilgang på arbeidarar. Dagleg leiar Tor Øyvind Aa seier dei ikkje klarte å rekruttere nok folk lokalt.

– Hyen er ein liten plass med 500 innbyggjarar. Vi er 120 tilsette og må ut for å hente folk som kunne jobbe her.

Han tykkjer integreringa har gått greitt og at auken har skjedd gradvis. Dei har også eit nært samarbeid med NAV i Gloppen.

– Samarbeidet når det gjeld flyktningar har vore bra. Det er ei utfordring for produksjonsleiaren å vurdere dei som kjem hit, og det er viktig at det blir gjort ein grundig jobb med dette. Dette gjer vi i samarbeid med NAV. Lukkast vi med dette ser vi at folk trivast, noko som har god effekt for produksjonen vår.

Vidar Rygg, Arnulf Aa og Tor Øyvind Aa

NØGDE: Vidar Rygg, Arnulf Aa og Tor Øyvind Aa i leiinga er godt nøgde med å ha mange utanlandske arbeidarar ved verksemda.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Viktig å tenkje heilskap

Knut Steinar Eithungjerde og Frode Henden

GLER SEG: Presseansvarleg Frode Henden i NAV seier han blir glad når han høyrer at flyktningar vil busetje seg og at dei blir.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Presseansvarleg Frode Henden i NAV seier han blir glad når han høyrer at flyktningar vil busetje seg og at dei blir.

– Det er dette Sogn og Fjordane treng. Då næringsbarometeret vart lagt fram i dag, tykte eg det var stas å vise fram dette. Det er ikkje alle kommunar som gjer som Gloppen.

– Gloppen er ein av dei beste kommunane i landet på å busetje flyktningar. Kva gjer denne kommunen?

– Eg trur ikkje dei kan trylle, men dei tenkjer heilskap og ser at dette er ein integrert del av arbeidet i kommunen. Dei har også tett samarbeid med næringslivet. I tillegg tenkjer dei ikkje berre enkeltbitar, men heile livet til dei som flyttar til kommunen, seier Henden.

Meiner andre kan lære av Gloppen

Henden er ikkje overraska over at 11 prosent av bedriftene fortel at dei i løpet av året kjem til å hente inn utanlandsk arbeidskraft.

– Vi ser at mange bedrifter har problem med å få tak i dei fagarbeidarene som trengst. Denne utfordringa har kome for å bli og behovet for arbeidskraft vil nok vere stort framover.

Sogn og Fjordane er det fylket der flest flyktningar flyttar vekk når dei skal busetjast. Frode Henden seier vi treng at flest mogleg blir verande.

– Vi ser at det går an å få til slik som i Gloppen. Dette kan andre kommunar lære av. Desse personane er ressursar som går tapt og som vi absolutt treng i åra som kjem.

– Kva er årsaka til at dei ikkje blir i fylket?

– Folk flyttar av mange grunnar. Det å få ein jobb med grei inntekt og det å ha eit godt liv, er avgjerande for at folk blir. Det handlar også om å finne tilhøyrighet i lokalsamfunnet. Korleis arbeidarane har det etter jobb er avgjerande, seier Henden.