Hopp til innhold

Trenaren: – June er topp tre

June Andenæs (28) frå Gloppen er blant dei tre beste handballspelarane i landet i sin posisjon, meiner trenaren hennar.

June Andenæs mot Thüringer HC

June Andenæs i kampen mot det tyske laget Thüringer HC.

Foto: Mario Gentzel / pictureteam

– Ho bommar nesten aldri når ho kjem fri på streken, og ho har eit skotrepertoar som gjer ho til ein svært vanskeleg motstandar for handballkeeperane, seier trenar Valery Putans i Byåsen.

June Andenæs er blitt ein viktig brikke på topplaget Byåsen etter overgangen frå Levanger i haust. Strekspelaren har sett inn 18 mål på dei fire seriekampane ho har spela.

LES OGSÅ: June Andenæs samd med Byåsen .

Knallhard forsvarsspelar

I tillegg har ho skaffa laget mange straffekast, og ho gjer sitt i forsvarsarbeidet. Det har resultert i fire utvisingar.

Grunnen til at ho berre har spela fire seriekampar er at ho ikkje var speleklar til dei første kampane i haust, og i tillegg har ho stått over ein kamp på grunn av skade.

I Byåsen har ho og fått kjenne på nivået i internasjonal handball gjennom kampar i EHF Champions League.

Men det vart berre ein siger og ein uavgjort i dei seks kampane mot danske Midtjylland, tyske Thüringer og Buducnost frå Montenegro, og dermed gjekk trondheimslaget ikkje vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Valery Putans, trener Byåsen

Trenar Valery Putans i Byåsen.

Foto: Martin Tangen Schmidt

Backhandmål imponerte trenaren

Men June Andenæs gjorde det godt i desse kampane, og målet som gav Byåsen uavgjort 28-28 i bortekampen mot Thüringer imponerte den rutinerte trenaren Valery Putans, som har sett det meste i handball:

– June stod med ryggen mot mål, men sette ballen heilt oppe i krysset med eit backhandskot. Fantastisk! Ho har alt ein strekspelar treng. Ho er sterk i sperre, mottak og avslutning, og ho er ein skikkeleg fighter og er like god i forsvar.

LES OGSÅ: Kunstscoring hindra Byåsen-tap .

Denne veka tapte Byåsen mot favorittane Larvik i toppoppgjeret i serien. I den tv-sende kampen var June på bana i alle dei 60 speleminutta (minus ei tominuttsutvising), og det viser at ho ikkje berre nyt verbal tillit hjå trenaren Valery Putans.

Andenæs-Leganger 4-0

June Andenæs var svært sentral i første omgang, då Byåsen hadde godt tak på Larvik og kunne gå til pause med tremålsleiing. June sette inn fire mål frå strekposisjonen sin og skaffa Byåsen tre straffekast.

June kunne notere seg at hennar duell med ho som blir rekna som den beste keeperen i verda, Cecilie Leganger, gjekk i hennar favør, for kvar gong ho kom fri på streken sat ballen i nettmaskane.

– Det var vel 4-0 til meg, ja.

(Artikkelen held fram under biletet)

June Andenæs og Cecilie Leganger

June Andenæs sette inn fire av fire skot på Cecilie Leganger.

Foto: Byåsen Håndball/Claus Fisker, Scanpix.

Rom for andre

I andre omgang vart June så tett passa på og pakka inn av Larvik-forsvaret at ho ikkje kom til avslutningar.

– Dei hadde bestemt seg for at eg ikkje skulle sleppe lett til, og det førde til at eg knapt fekk gjort noko som helst. Men det gjorde at lagvenninnene mine fekk meir rom.

Men storspel frå Cecilie Leganger gjorde at det vart lengre mellom Byåsen-måla i andre omgang, og Larvik kunne til slutt dra i land ein oppskriftsmessig siger.

– Surt tap, men likevel nøgd

– Men vi fekk vist at vi kan vere heilt på høgde med dei, og sjølv om det var surt å tape når vi leia ved pause så er det tilfredsstillande å vite at vi gjorde ein god kamp, seier June Andenæs.

Trenar Putans meiner eit svært hardtspelande Larvik-forsvar er grunnen til at ho ikkje kom til avslutningar i andre omgang.

– Forsvaret til Larvik spela tøffare enn dei laga vi møtte i Champions League.

– Godt motteken i Byåsen

June Andenæs har funne seg godt til rette i Byåsen og Trondheim etter overgangen frå Levanger.

– Eg vart godt motteken, og miljøet i laget er kjempeflott.

Valery Putans

Valery Putans.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Og trenaren er like imponert over dei menneskelege eigenskapane hennar som dei sportslege:

– Ho er ei god jente, ho er omsorgsfull og snill og intelligent og er på kort tid blitt ein av tillitspersonane i laget.

Tek mastergrad

I tillegg til handballen brukar June tida på deltidsstudium i helsevitskap, der ho skal ta mastergrad. I tida framover går det mykje i eksamen og lesing. June er frå før utdanna frisør, men det var det ikkje så lett å kombinere med handball på toppnivå.

– Eg fekk problem med skulderen, og eg måtte velje mellom frisøryrket og handballen. Eg valde handballen, og det har eg ikkje angra på.

No har ho ein toårskontrakt med Byåsen. Om ho skal halde fram med topphandball utover det har ho ikkje avgjort enno.

June Andenæs
Foto: handball.no

Ein landskamp

June har vore innom landslaget, ho fekk spele mot Sverige i 2010, og i VM i fjor var ho heimeverande reserve. Det er ho ikkje i år. Landslagssjef Thorir Hergeirsson har valt Larvik-spelaren Pernille Wiberg som den som skal få turen til Brasil dersom Heidi Løke eller Marit Malm Frafjord skulle bli skadd.

– Eg veit ikkje kvifor dei har valt henne framfor meg, det kan hende at dei vil satse på ein yngre spelar. Uansett brukar eg ikkje mykje energi på å spekulere på det.

– Berre eit tidsspørsmål!

Men trenar Valery Putans trur det berre er eit tidsspørsmål før June Andenæs er på landslaget, sjølv om ho er 28 år.

– Ho er topp tre i landet og har det som skal til for å gjere seg gjeldande i internasjonal handball.

VM gjer at det blir ein lang kamppause for June Andenæs og dei andre spelarane som ikkje er på landslaget. Neste seriekamp er først på nyåret, og difor blir det mykje grunntrening i tida framover.