Trekkjer seg i protest

Ove Eide trakk seg som styreleiar i Nordfjord folkemuseum etter eit ekstraordinært styremøte i dag.

Ove Eide
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

På møtet vart det samrøystes bestemt at museumet skal slutte seg til dei andre musea i fylket. Dette fekk begeret til å renne over for Eide.

- Dette er ikkje noko eg er engasjert i lenger. Eg trekkjer meg, seier han.

Han er kritisk til den nye museumsmodellen.

- Sterk sentralisering og topptung leiing er ein måte å drive kulturliv på som er framand for meg. Det har vore fem gode museum som har hatt god nærleik til lokalsamfunnet og lokalkulturen.

Eide trekkjer seg etter 12 år i styret.

- Det var ikkje slik eg hadde håpa å slutte, men eg trur dette er til det beste både for meg og museet.