– Eg har sendt ein mail til fylkesutvalet og bede dei finne ein ny styremedlem, for eg kan ikkje sitte i eit styre der eigaren er så lite ansvarsmedviten, seier Djuvik til NRK.
Han viser til ein rapport som vart lagd fram for fylkestinget og som peikar på at selskapet har vore drive i strid med aksjelova.
– Når det kjem ein så knusande rapport finn eg det ikkje lenger rett å vere med i styret.
– Men hadde det ikkje vore betre at du heldt fram i styret og prøvde å rydde opp?
– Det har eg gjort, det er eg som har sett i gang denne saka og fått på plass ein god del rutinar. Men samstundes opplever eg at ein ikkje tek dette på alvor likevel. Og då kjem vi i ein absurd situasjon der ein trur at ein tek ansvar og gjer noko som er bra, men ein har framleis ikkje skjønt problemstillinga.
– Overdramatiserer
Styreleiar Åshild Kjelsnes (Ap) seier dette må vere Djuvik si vurdering.
– Eg synest han overdramatiserer. For styret i Fjord1 Holding har sagt at vi skal det opp på neste møte korleis styret skal vere samansett for å ha ei best mogeleg ordning for fylkeskommunen i framtida.
Ho seier ho er overtydd om at dei skal få det inn i ordentlege former i tråd med aksjelova.
Følling trekkjer seg - av andre grunnar
Også fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) trekkjer seg frå styret i Fjord1 Holding, men av andre grunnar enn Frank Willy Djuvik.
– Det er vanskeleg å ivareta den rolla eg har som gruppeleiar og vere med å legge eigarskasstrategiar og samnstundes vere styremedlem i Fjord1 Holding. Så eg vil be om å få fråtre slik at vi får inn andre som kan ivareta interessene til selskapet.