Hopp til innhold

Tredobling av flått-tilfelle

- Sogn og Fjordane er blant dei fire fylka med flest boreliosetilfelle i landet.

Flått
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Preben Ottesen, avdelingsdirektør Folkehelseinstituttet

Preben Ottesen, avdelingsdirektør Folkehelseinstituttet

Foto: Anne Lene Solbakken

Det seier avdelingsdirektør Preben Ottesen ved Folkehelseinstituttet.

Dette blir stadfesta av kommunelege Dagfinn Astor i Høyanger. Han seier dei har sett ein voldsom auke i flåttilfella dei seinare åra. - Eg har ikkje noko statistikk, men eg meiner vi snakkar om ei tredobling i løpet av fem år.

Flåttproblem fleire stader i fylket

Også i Flora gjer flåtten seg merkbar, sjølv om dei ikkje har ein tilsvarande auke som i Høyanger. - Det som før var eit sommar og haustproblem er no noko som gjer seg gjeldande heile året. Det seier kommunelege Jan Helge Dale.

Fleire med boreliasmitte

Og det som kan gi grunn til uro er at stadig meir av flåtten i fylket også er berar av den farlege boreliasmitten, som kan føre til store plager dersom det ikkje blir oppdaga tidsnok.

Flått på hjort
Foto: Steinar Lote / NRK

Ved Folkehelseinstituttet seier avdelingsdirektør Preben Ottesen at Sogn og Fjordane no er blant dei fire fylka med flest boreliatilfeller i landet. - Vi ser at det er meir flått der ute, noko som truleg skuldast ein kombinasjon av meir hjort og meir gjenngroing.

- Sjå etter raud ring

Flåttbitt
Foto: Steinar Lote / NRK

- Du treng ikkje kontakte lege med ein gong dersom du blir biten av flått. Men, seier Ottesen, du bør følge med og kontollere bittstaden i nokre veker framover. Dersom du får eit raudt utslett som ser ut som ein ring bør du kontakte lege, slik at ein kan starte antibiotikabehandling.

- Ver obs


Med den aukande flåttbestanden har kommunelegen i Flora eitt råd til alle som ferdast i skog og mark. - Alle bør kontrollere seg nøye og sjekke at dei ikkje har flått på seg eller i kleda, seier Dale.