Hopp til innhold

Trevelt på høgspentlinja var årsaka til skogbrann på Rake i Stryn

Brannmannskapa har fått kontroll på brannen ved Rake i Stryn. Brannen starta då eit tre fall ned på høgspentlinja.

Tre fall ned på høgspentlinje

BRANNÅRSAKA: Tre som velta ned på høgspentlinja var årsaka til brannen ved Rake i Stryn. Eit byggefelt var ein periode truga av brannen.

Foto: Arne Vik

– Vi har fått melding frå Brannalarmsentralen at dei har sløkt brannen. Dei driv ettersløkking og dynking av det aktuelle området, seier vaktoperatør ved

Eit tre tok fyr på Rake i Stryn

HER STARTA BRANNEN: Eit tre velta ned på straumlinja og førte til ein skogbrann som spreidde seg raskt.

Foto: Arne Vik

Brannalarmsentralen, Oddbjørn Aune.

Skogbrannen spreidde ganske rask på grunn av sterk vind, opplyser Brannalarmsentralen. Dei skal ha fått melding om brannen i 09.30-tida.

Tre velta ned på høgspentlinje

– Det var eit tre som hadde falle ned på høgspentlinja og då slo det gnistar og det tok fyr i vegetasjonen under linja, seier Aune.

Det brann i eit område mellom Rake og Oppheim i Stryn. Det var om lag eitt hundre meter mellom brannen og byggefeltet. Mannskap frå Stryn brannvesen vart sendt ut og i tillegg vart det bede om bistand frå Hornindal brannvesen.

(Saka held fram under biletet)

Brannmannskap frå Stryn

BRANNMANNSKAP FRÅ STRYN: Det brenn i skogen på Rake i Styn. Eit byggefelt ligg like ved på Oppheim.

Foto: Arne Vik

– Hadde brannen fått utvikla seg meir kunne det vore fare for nokre få hus lenger oppe, seier Oddbjørn Aune.

Rosar tidleg innsats

– Tidleg innsats og tidleg varsling frå folk som har sett brannen hindra at dette utvikla seg til ein større brann, seier Aune.

Stryn Energi opplyser at dei har fått fjerna dei to trea som var ramla ned på høgspentlinja og at straumen no er tilbake i området.

Rake i Stryn

SKOGBRANN: Skogbrann truar eit byggefelt mellom Rake og Oppheim i Stryn.