Hopp til innhold

Tre skadde i ulukke

Tre personar vart skadde då ein varebil køyrde i fjellveggen i Gudvangatunnelen på E16 i Aurland kvart over åtte måndag morgon.

Trafikkulukke i Gudvangatunnelen.
Foto: Arne Veum, Aurlendingen.

Ein person vart send med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Ifølgje politiet skal vedkomande ikkje vere livstrugande skadd.

To andre personar vart sende til legevakta i Aurland med lettare skader, medan to kom uskadde frå ulukka.

Ulykka skjedde fire kilometer inne i tunnelen frå Gudvangen-sida. Tunnelen var stengd ein knapp time etter ulukka.

Det var fire polakkar og ein nordmann i varebilen. Politiet kjenner ikkje grunnen til at bilen køyrde i fjellveggen, men det er på det reine at bilen kom over i feil køyrebane før den hamna i fjellveggen.