Hopp til innhold

Tre personar skadde i utforkøyringa

Tre personar kom til skade i trafikkulukka på fylkesveg 55 ved Kvamshaugen mellom Sogndal og Hafslo.

Trafikkulukke Hafslo
Foto: NRK-tipsar

Bilen med dei tre køyrde av vegen i halv tolvtida.

– Alle naudetatane rykka ut då vi fekk melding om at ein bil med tre personar hamna utfor vegen. Alle tre har fått skadar, der ein har fått augeskade og ein annan moderat nakkeskade, seier Ole Tom Nord ved politiet i sin operasjonssentral i Florø.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsak til ulukka, men seier dei har fått opplyst at det skal vere svært glatt på staden.

Naudetatane var ferdige på staden i 13-tida og vegen er opna for fri ferdsel att.