Hopp til innhold

Tre personar skadde i arbeidsulukke

Éin mann i 20-åra er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei arbeidsulukke i Vågsøy.

Ulukke

FRAKTA MED LUFTAMBULANSE: Éin mann er frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus for sjekk.

Foto: Jo Carlson / Fjordenes Tidende

Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.30 onsdag føremiddag.

– Tre tilsette i ei bedrift som hamna i klem under nokre plater som følgje av arbeid på eit bygg i Måløy sentrum, seier Kai Henning Myklebust ved politiets operasjonssentral.

Dei involverte er tilsette i Sætren Installasjon AS i Måløy. Arbeidsulukka skjedde ved arbeid på leilighetskomplekset Bryggen Panorama i Måløy sentrum.

Ulukka skal ha skjedd kring klokka 10 og dei tre involverte er i 20-åra. Ein mann og ei kvinne blei sett til av lege på staden. Ein mann er sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

– Den eine mannleg tilsette kom mest i klem og har truleg ribbeinsbrot. Dei to andre har lettare slagskadar. Eine blei sendt inn til Nordfjordeid for sjekk av ein skulder, men det var ikkje snakk om brot, seier dagleg leiar ved Sætren Installasjon, Kjell Gunnar Tennebø.

arbeid

ULUKKE: Arbeidsulukka skjedde ved arbeid på Bryggen Panorama i Måløy.

Foto: Julianne Flølo

– Det var arbeid med elektrisk installasjon i ei av leilighetene, der nokre fasadeplater kom ut av balanse og hamna på tre tilsette. Dette er rimeleg tunge plater på fleire hundre kilo, seier Tennebø.

Totalt fem elektrikarar var i leiligheta då ulukka skjedde.

– Hjelp frå elektrikarar og snikkarar i bygget gjorde at ein fekk løfta vekk plata relativt raskt. Heldigvis for det, for desse platene er ganske tunge, seier Tennebø.

Politiet har rutinemessig oppretta sak og arbeidstilsynet er varsla.