Hopp til innhold

Tre personar sende til legesjekk etter påkøyrsle

To bilar har vore involvert i ei påkøyrsle på E39 ved Moskog.

Ulukke moskog
Foto: Marie Osland / NRK

Politiet opplyser at det var to personar i den eine bilen og ein person i den andre bilen.

– Det skal vere snakk om ein påkøyrsel bakfrå, fortel vakthavande ved Alarmsentralen, Espen Rysjedal til NRK.

– Ingen skal vere hardt skadd, men dei involverte vert sendt til lege for ein sjekk, seier han.

Brannvesenet er på plass med to menn som kan dirigere trafikken på staden.

NRK oppdaterer saka

Ulukke Moskog 2
Foto: Marie Osland / NRK