Hopp til innhold

Bratt terreng gjer leiteaksjon vanskeleg

Det er sett i gong leiteaksjon på fjellet Blægja i Askvoll. Ein mann og to kvinner kjem seg ikkje ned på grunn av skodde. Raude Kross har sendt opp to leitelag.

Leitemannskap Blægja

ER PÅ VEG OPP: Leitemannskap får Raude Kross og Politi er på staden. Dårleg sikt og bratt terreng skapar utfordringar.

Foto: Marie Osland / NRK

– Dette fjellet er eit av dei brattaste vi har her omkring. Vi håpar at skodda skal lette slik at vi kan få betre sikt, seier Pål A. Dahl i Raude Kross.

Ein mann og to kvinner sit verfaste på fjellet Blægja i Askvoll etter at dei er vart overraska av skodde i ettermiddag.

SISTE: NRK snakka med Dahl klokka 22.20, då hadde dei framleis ikkje lokalisert dei tre personane.

Tek tre timar å ta seg opp

Dei tre gjekk frå Solheimsdalen i 8.30-tida i dag. Klokka 15.30 tok dei kontakt med folk og sa frå om at det ikkje var sikt til å ta seg nedatt.

Klokka 18.35 sendte Raude Kross opp tre personar for å finne dei vêrfaste turgåarane.

– Det tek rundt tre timar og kome seg opp fjellet, i tillegg må vi lokalisere dei. Vi har sendt opp ein lokalkjend og to frå hjelpekorpset, fortel Dahl.

To leitelag

Dahl seier til NRK klokka 20.35 at dei har sendt om endå eit leitelag for å finna dei vêrfaste turgåarane.

– Det er høgt, bratt og tida går. Me har sendt opp endå eit lag mest for å gardere seg og gjere det lettare å ta seg ned att, seier han.

Han kan ikke seia noko om når dei vil nærma seg området der trur dei sakna er.

Politiet opplyser at dei er i området Heilvangsfjellet - Blægja.

– Det kan blir vanskeleg å nå fram. Hjelpemannskapet får gå så lenge dei føler det er trygt. Vi håpar skodda skal lette så snart som råd, seier Dag Fiske i Politiet.

Det er framleis skodde og dårleg sikt. Dei tre har kontakt med omverda gjennom telefon.

Mannen og dei to kvinnene er i 30-40-års alderen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.