NRK Meny
Normal

Vikafjellet opnar for kolonne

Vikafjellet

STENGT: Vikafjellet er mellombels stengt grunna uvêr.

Foto: Nettkamera / Statens vegvesen

Kraftig vind og nedbør har prega påskeutfarten denne helga. Måndag morgon var både riksveg 13 Vikafjellet, fylkesveg 50 Hol - Aurland og fylkesveg 53 Tyin - Årdal stengde.

Vegtrafikksentralen melder at det framleis er stengd over Hardangervidda, Vikafjellet og på Valdresflya. Men det er venta at Rv 13 over Vikafjellet opnar for kolonnekøyring klokka 14. På Fv 50 mellom Hol og Aurland går trafikken i kolonne.

  • Tips NRK Trafikk på 800 99999 eller send ei tekstmelding med kodeord TRAFIKK til 1987 (kvar melding kostar 1 krone)

Det er måndag meldt om nordleg vind med ujamn styrke i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Vinden kan periodevis vere heilt oppe i sterk kuling.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.