Hopp til innhold

Politiet ynskjer tips etter bilbrann i Førde

Politiet fekk i natt melding om brann i ein bil ved Hornnes i Førde. Brannen spreidde seg til to andre bilar som stod parkerte på same parkeringsplass. Det er førebels uklart kva som starta brannen.

Brannen spreidde seg frå ein bil to andre bilar parkerte like ved.
Foto: Tore Sørbø

– Det var totalt fem bilar på parkeringsplassen, og brannen spreidde seg til to bilar som stod parkerte like ved den første bilen som stod i brann, seier Trond Hatlenes ved Politiets Operasjonssentral.

Brannvesenet var raskt på staden og fekk kontroll over brannen.

– Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg vidare til hus i nærleiken, seier vaktleiar hjå Alarmsentralen, Kolbjørn Øvrebotten.

Meldinga om brannen kom like før klokka halv tre i natt. Ingen vart skadde i brannen. Politiet har sperra av området for å gjere vidare undersøkingar på åstaden.

– Korleis brannen starta er førebels vanskeleg å seie, seier Hatlenes.

På grunn av høg temperatur i dei utbrende køyretøya har ein ikkje kunne gjort granskingar av bilane, men politiet håpar å få gjort dette i løpet av dagen.

– Vi ynskjer tips frå publikum som kan ha sett noko på tidspunktet dette hende. Alt er av interesse for politiet no, seier Hatlenes.