Hopp til innhold

Travel natt for politiet i kystbyen

Politiet i fylket har hatt både det eine og det andre å henge fingrane i natt til søndag. I Florø har politiet knapt blitt ferdige med eit oppdrag før dei har blitt sende ut på nytt.

Politiet sine oppdrag natt til søndag

Ein bilførar vart laurdag kveld stogga på Storebru på riksveg 5 mellom Naustdal og Eikefjord. Politiet hadde gjort ei snittmåling av farten, og gav den 18 år gamle føraren eit forenkla førelegg for å ha køyrt i 91 km/t i 80-sona.

Skal ein tru politiet sine Twitter-meldingar har politiet i Florø hatt ei relativt travel natt. Storparten av oppdraga nemnd i politiet sin logg for natta handlar om forhold i kystbyen.

Det starta på laurdagskvelden då politiet i Florø rykte ut til ein fest på Brandsøya. Ein rusa mann i 20-åra laga bråk og nekta oppføre seg slik han vart beden om av vaktene på staden. Politiet tok med seg mannen derifrå.

Ein halvtime inn i søndagen fekk politiet i kystbyen ei ny melding. Denne gongen om uro på ein serveringsstad. To personar hadde blitt slått av ein tredje person. Vedkommande var vekke då politiet kom til staden, men politiet veit kven gjerningspersonen er og vil følgje opp saka.

Laga bråk på bensinstasjon

Også seinare på natta måtte politiet i Florø rydde opp i bråk på ein utestad. Denne gongen var det to menn i 50-åra som hadde kome på kant med kvarandre. Krangelen løyste seg etter kvart og dei to fekk pålegg om å reise heim.

I løpet av natta hadde politiet i kystbyen også arbeid med å skysse heim ein rusa mann i 20-åra, og bøtelegge ein mann i 50-åra som urinerte i sentrum.

Men det stoppa ikkje der. Like over klokka 03 natt til søndag måtte politiet ta turen til ein bensinstasjon i sentrum. Fleire rusa og bråkete personar laga problem, og først då politiet dukka opp roa det seg. To av personane blir melde for uro.

Ei tid etterpå laga ein mann i slutten av tenåra bråk då han ikkje ville betale for seg etter ein tur med taxi. Politiet måtte gripe inn, og mannen har lovd å betale for seg seinare.

Seint på natta måtte politiet også ta hand om ei rusa jente i slutten av tenåra. Jenta vart køyrd til ei venninne der ho fekk overnatte.

Knuste rute i taxi

I Sogndal reiste politiet til eit festleg samvær i sentrum, der naboar klaga på støy.

Noko seinare på natta måtte dei ta hand om ein mann i 30-åra som hadde knust bakruta på ein taxi. Mannen vart køyrd heim og har lova å gjere opp for seg etter helga.

På puben i Dale vart ein mann i tenåra skalla ned av ein annan person. Også her valde gjerningspersonen å stikke frå staden før politiet kom fram. Det hjelp lite då politiet veit kven det er snakk om og vil følgje opp saka.

Til sjukehus etter utforkøyring

På riksveg 15 køyrde ein personbil med to personar i av vegen ved Fosnes i Stryn i natt. Etter det politiet veit vart dei to i bilen lettare skadde og fekk tilsyn på sjukehuset i Eid. Det er oppretta sak og det lokale lensmannskontoret følgjer opp hendinga.

Også i Luster måtte politiet køyrde heim ein kar. Her var det ein rusa mann i 20-åra som laga kvalme på ei adresse i Hafslo.

Politiet har også hatt ein ruskontroll i sentrum av Vik. Alle dei fire kontrollerte førarane hadde alt i orden.