NRK Meny
Normal

Traustasson til sjukehus igjen

Knapt ein månad etter at han vart frakta til sjukehus etter ein fotballkamp i Førde, vart Årdal-spissen Johann Traustasson på nytt sendt til sjukehus.

Johan Traustason vert teken hand om av ambulansepersonell.

I løpet av ein knapp månad har Johann Traustasson blitt frakta to gonger til sjukehus. Bilete er frå episoden på Førde stadion.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Islendingen har i følgje porten.no slite med hovudverk i periodar sidan 4. divisjonkampen mot Førde 2 for nokre veker sidan. Då vart han treft av kneet til ein førdespelar i ein duell om ballen .

Vart observert

Både medspelarar og lagleiarar frykta i beste fall brot i kinnbeinet, men Traustasson slapp med skrekken . Lagleiarane har på trass av friskmeldinga vore forsiktige med å bruke han for fullt i trening og kamp. Då Årdal avrunda sesongen med målkallas i Høyanger, vart han på nytt frakta til sjukehus etter ein dytt i ryggen.

- Han vart liggande på bana utan å gjera klart reie for seg. Han var ganske så omtåka, og arrangørane i Høyang var flinke med å hjelpa til med å få han til legevakta. Legane der sende han vidare til sentralsjukehuset, fortel lagleiar Frank Øyre til porten.no.

Eitt hattrick

Traustasson vart liggande over natta til observasjon på sjukehuset. Også Harald Lødemel måtte ut med skade etter ein "kne mot kne"-duell.

Preben Strypet scora tre mål i oppgjeret. Dei fire siste måla var i følgje Øyre jamt fordelt på Tim Teigen og veteranen Ole Gunnar Hunderi.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast