Hopp til innhold

Han har høgdeskrekk - i dag hoppar han frå eit helikopter

Kristian Kårstad har hatt høgdeskrekk og flyskrekk heile livet. I dag kastar han seg ut frå eit helikopter.

Kristian Kårstad

KVIR SEG: Ein skjelvande Kristian Kårstad er på plass i Florø, der han skal kaste seg ut frå eit helikopter i fallskjerm. Her saman med instruktøren Malachai Tempelton.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Det er ein skjelvande 21-åring som gjer seg klar for avreise til Florø. I dag skal han gjer eit forsøk på å kjempe mot høgdeskrekken sin.

– Eg har ikkje sove så veldig godt denne veka, seier ein skjelvande Kårstad.

Kristian Kårstad

SKJELVEN: Kristian Kårstad rett før avreise til Florø.

Foto: Brit Jorunn Svane/NRK

I dag skal han hoppe i fallskjerm i eit såkalla tandemhopp under festivalen Våt Moro. Tandemhopp vil sei at han hoppar saman med ein instruktør.

Og med eit radio- og fjernsynsteam på slep, vert det ikkje enkelt for Kårstad å trekkje seg.

– No må eg berre gjer dette, eg har verkeleg bestemt meg for å gjennomføre dette, seier Kårstad.

– Lurt å trasse frykta

Psykolog Nina Erikstad har ofte pasientar som kjem til ho for å få hjelp til å kjempe mot angst. Ho seier det er lurt av Kårstad å gjere det han er aller mest redd for.

(Artikkelen held fram under bilsetet)

Nina Erikstad

PSYKOLOG: Nina Erikstad meiner det er lurt å gjere det ein har angst for i staden for å ungå alt ein er redd for.

Foto: NRK

– Angst er jo ikkje farleg. Tenk den sjølvkjensla han kjem til å sete med etterpå. Eg trur dette er noko alle kan la seg inspirere og lære av, seier Erikstad.

Ho seier vidare at det er viktig å nærme seg det ein er redd for på ein forsiktig måte, elles kan opplevinga berre bli ubehageleg for han.

Korleis det går med Kristian kan sjå på nett eller på Vestlandsrevyen i i kveld, og du kan høyre han i ettermiddagssendinga vår.