Hopp til innhold

Trass stygg hending i helga: Det er færre valdstilfelle her i fylket

FLORØ (NRK): Det blir stadig færre tilfelle av vald her i fylket. Ungdomen no til dags er langt betre enn sitt rykte, meiner politiet.

Stasjonssjef Robert Veseth

OPTIMIST: Politistasjonssjef Robert Veseth fortel om ei positiv utvikling når det gjeld valdssaker.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har hatt færre saker og færre alvorlege saker. Det er klart at vi har saker knytta til stader der folk er samla. Om politiet har blitt flinkare eller folk har blitt snillare skal eg ikkje seie noko sikkert om, men vi har hatt ein ganske stor nedgang i talet på valdssaker dei siste åra.

Det fortel politistasjonssjef i Florø, Robert Veseth, til NRK. Han fekk sjølv ei alvorleg valdssak på bordet i julehelga, men trenden med nedgang i talet på saker er tydeleg, fortel han.

– Vi skal drive kunnskapsbasert politiarbeid, og vi er opptekne av å være der vi veit av erfaring at det kan oppstod valdssaker, problem og krangling. All operativ teneste går jo stort sett med til å finne og vere på dei stadane som vi meiner kan vere aktuelle.

Satsar meir på førebygging

Servitør og bartender Ingvild Viken Holsen i Førde opplever den same tendensen, og meiner at mykje handlar om haldningsendringar blant dei unge.

– Den nye generasjonen er ein mykje betre generasjon. Dei er mykje rolegare og er ikkje fullt så harde på alkoholen, særleg brennevin. Dei har vel lært at dei ikkje vil bli som foreldra, slår ho fast.

Politistasjonssjefen i Florø seier at politiet legg enda meir vekt på førebyggjande arbeid no enn tidlegare, og at det også kan forklare nedgangen i talet på valdssaker.

– Vi driv jo også førebyggande arbeid opp mot ungdom, og eg vil skryte av dei. Dei er stort sett snille og greie. Dei held seg til dei lovene og reglane som er sett, slik sett har bybildet endra seg dei siste ti åra.

Langt færre er ute om natta

Han har spurt seg rett og slett kvar ungdomen har blitt av, for dei yngste er ikkje lenger å sjå i bybildet.

– Det er jo positivt at dei ikkje oppheld seg i bybildet mellom klokka 23 og 04, det var det mykje meir av før. Dei har andre interesser no enn før når det var vanleg å oppsøkje byen frå ein var 15 år. Vi har nesten ingen mellom 15 og 18 år som er i byen om natta lenger.

Bartender Ingvild Viken Holsen er i alle fall overtydd om at ungdomen no til dags er langt betre enn ryktet.

– Dei er rolegare og meir medvitne på at dei kan oppføre seg fint og gjere gode ting, seier ho.