Hopp til innhold

Trappeløp direkte i nett-TV

Laurdag 12. juni overfører vi Trappeløpet i Høyanger direkte i nett-TV.

Video Trappeløpet i Høyanger 2010

BRATT TRAPP: Amalie Olsen vann dameklassen i 2009.

Amalie Olsen

Flott utsikt over Høyanger

Foto: Lars Jonas Pedersen
TrappeTV i arbeid under Trappe-TV i 2009

TrappeTV i aksjon

Foto: Lars Jonas Pedersen

1281 trappetrinn langs ei mektig røyrgate kan vera eit blodslit for dei sprekaste, eller ein rusletur for heile familien.

I år der det 17. året med løp i trappene og rekorden er på imponerande 8:25.

Får folk til fjells

Trappene i Høyanger var sentrale då røyrgatene vart bygde for å temme vassmengdene på veg ned til kraftverket i Høyanger.

Desse trappene har hatt stor betydning for å knytte folk i Høyanger til fjellet.

Krydrar med reportasjar

Det er ein entusiastisk gjeng i Høyanger som står bak produksjonen av årets løp. Utover å sende live frå sjølve løpet, skal dei lage reportasjar som skal krydre sendinga.

Prosjektleiar Lars Jonas Pedersen seier at dei satsar på ein stor produksjon.

– Vi har omlag fire kamera og 15 personar involverte, seier han.

Sendinga i nett-TV frå konkurranseklassen startar klokka 15.30.

Les meir om Trappeløpet frå fjorårets løp på gøyanger.no

Sjå video frå trappeløpet frå Høyanger i 2009