NRK Meny
Normal

«Det einaste eg tenkte var «Få meg laus!»»

Det som skulle vere ein rutinetur på tørt sommarføre, vart eit mareritt der millimetrar skilde liv og død. Jan Kaare Antonsen takkar ein solid dose flaks for at han er like heil etter den brutale rundvelten på Strynefjellet.

Trailerkrasj ved Grotli

LITE ATT: Førarytta vart trykt flat då semitraileren gjorde rundkast på rv. 15 over Strynefjellet. Etter to timar vart Jan Kaare Antonsen (innfelt) henta nesten uskadd ut av vraket.

Foto: Stein Are Bergheim/Asgeir Reksnes (NRK)

Eg har vunne gullrekkja!

Jan Kåre Antonsen

– Dette er noko av det verste eg har vore borti, seier 48-åringen til NRK.no.

Han ser på sterke bilete og video av vraket av semitraileren heime i stova på Nordfjordeid.

– Forjævleg. Rett og slett. Det einaste som omtrent er heil, er førardøra.

Tysdag 22. juli var den røynde sjåføren på veg frå Loen til Trondheim, tungt lasta med varer frå Nordfjord kjøtt. Rett etter Grotli merka han at hjula på traileren kom utfor vegbana.

Fekk kontra-sleng

– Eg kom truleg utanfor vegbanen. Eg prøvde å komme meg opp att på vegen, men fekk vel for hardt slag på bilen, så han fekk kontraslag og velta.

Bilen enda forvridd ute i terrenget. Bileta frå ulukkestaden viser ei førarhytte som er knust til det ugjenkjennelege. Der sat Antonsen fastklemt mot rattet i nær to timar før redningsmannskapa fekk han ut frå vraket.

– Det einaste eg tenkte var «Få meg laus!». Det var det som stod i hovudet på meg: «Få meg laus!». Det var ikkje mogleg å røre seg. Eg låg i ein rar vinkel med beina samanklemt. Det kom raskt gode hjelparar. Eg veit ikkje kor lang tid det tok før redningsmannskapa kom, men eg hadde kontakt med folk heile tida, seier han takksamt.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Trailervelt ved Grotli

PINNEVED: Eit skrekkeleg syn møtte naudetatane ved Grotli måndag 22. juli.

Foto: Stein Are Bergheim

Jan Kaare Antonsen rosar bergingsmannskapa, han vart frakta til Ålesund sjukehus med helikopter. På sjukehuset kunne dei konstatere det nærmast utrulege: Trass i at han er foreslegen, har sår og brotne ribbein slapp han unna med moderate skadar. To dagar etter kunne han reise heim.

Meiner mangel på belte berga livet hans

– Eg datt ned mellom seta. Det var nok det som berga meg. Eg skal vere ærleg, eg køyrde utan bilbelte. Eg har ikkje tru på bilbelte i vogntog. Hadde eg ikkje vore utan belte, så hadde eg ikkje ramla ned mellom seta.

– Men det er vel ikkje alle som er samde med deg i det?

– Nei, men eg vil påstå at eg berga livet på grunn av at eg ikkje hadde bilbeltet på.

Antonsen strekar under at han ikkje meiner dette som eit råd til andre, og seier at dette er hans personlege vurdering. I vanleg bil brukar han bilbelte, men meiner ting er annleis i eit vogntog. Plassen mellom seta var omtrent den einaste staden det var råd å overleve i førarhuset, slik førarhytta vart knefta saman.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jan Kåre Antonsen

SJUKMELD: Jan Kaare Antonsen er på beina, men samlar førebels krefter heime på Nordfjordeid. Men han er fast bestemt på å køyre lastebil att.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Sambuaren brukar å vere med

Men Jan Kaare Antonsen hadde flaks på fleire måtar. Oftast er sambuaren hans med på turane med traileren, men denne gongen var ho heime for å spele radiobingo på Nordfjord nærradio. Når ein ser bilete av det smadra førarhuset kan dei prise seg lukkeleg for det.

– Uansett har eg vunne gullrekkja. Eg var heilt aleine i bilen, takk og pris for det!

Det er heller ikkje Antonsen sin arbeidsgjevar Rangvald Flåten Termotransport i tvil om.

– Når vi ser vraket i ettertid, er det heilt utruleg at sjåføren slapp frå utforkøyringa i live. Endå meir utruleg at han knapt pådrog seg skade, sa Flåten til Fjordingen etter ulykka.

Etterlyser betre vegskulder

Yrkessjåføren er ikkje sikker på kvifor semitraileren hamna utfor riksvegen. Turen over Strynefjellet var første turen etter ei lang frihelg, og føret var fint. Vegen over Strynefjellet har 90-sone og gul midtstripe. Ulykka skjedde ved overgangen frå 70-sone til 90-sone ved Grotli hotell.

Antonsen meiner det ikkje er nok med berre gul midtstripe.

Trailervelt på Grotli

90-SONE: Ulykka skjedde på, etter vestlandsk standard, fin veg like ved Grotli Hotell på Strynefjellet. Antonsen meiner likevel at ulykka kunne vore unngått med breiare vegskulder.

Foto: Stein Are Bergheim

– Det skulle ha vore ein halvmeter betre kant utom kvitestripa. Då hadde mange ulykker ikkje skjedd. Sjå til Sverige. Der har dei ein halvmeter til halvanna meter utanfor kvitestripa. Her i Norge har vi knapt 10–15 cm, ofte ikkje det ein gong. Men det er ikkje noko ein kan gjere med, sukkar han.

Nordfjordingen er framleis sjukmeld. Han reknar med det vil ta tid å komme i slag att etter den dramatiske utforkøyringa. No er han glad for å ha berga livet, men har ikkje tenkt så mykje over korleis det blir å setje seg bak rattet igjen.

– Det er best å ikkje tenke på det. Ein må berre komme seg opp att i ein lastebil fortast mogleg. Men først må kroppen vere i orden. Eg slit med å komme meg inn i ein vanleg personbil. Men å køyre, det går fint!

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser