Trailer i full fyr i tunnel:– Minst 20 personar redda ut

– Flammane stod ut frå førarsida, fortel augevitne Monika Blikås etter at ein semitrailer står i full fyr i Gudvangatunnelen på E-16 i Sogn og Fjordane.

Vogntog i brann i Gudvangatunnelen

I FULL FYR: Traileren tok fyr inne i tunnelen.

Foto: Monika Blikås

Klokka 12.10 fekk politiet melding om at ein semitrailer står i brann inne i Gudvangatunnelen på E16. Alle naudetatane er på veg til brannstaden, og tunnelen er stengd for trafikk. Det er og Flenjatunnelen.

Ulukka skal ha skjedd 3,5 km inne i tunnelen frå Flåm.

Fleire enn 20 personar skal vere sperra inne i tunnelen på grunn av røyk og dårleg sikt i tunnelen. I følgje politiet skal det også ha skjedd fleire mindre kollisjonar inne i tunnelen. Politiet har kontakt med fleire av desse.

Ifølgje NRKs reporter på staden er mellom 20 og 25 personar redda ut av tunnelen.

– Her er det hektisk aktivitet. Brannvesenet i Aurland har evakuert ut av Gudvangatunnelen 20-25 personar. Dei drikk vatn og hostar og harkar. Dei ser ut som turistar, seier augevitne og fotograf Arne Veum til NRK.no.

(artikkelen held fram under biletet)

Frå brann i Gudvangatunnelen

KØ: Slik såg det ut inne i tunnelen. Foto: Benjamin Scholz

Foto: Jørn Scholz

– Vi har telefonkontakt med fleire av dei og rådar dei til å halde seg lågt under røykteppet i tunnelen. Fleire er på vandring ut av tunnelen, dei fleste har komme seg ut på Flåmssida, opplyser politet.

Dei jobbar med å evakuere dei som framleis sit sperra inne. Ein buss er på veg for å frakte dei evakuerte vekk.

NRK sin mann på staden fortel at fleire av dei evakuerte kjem ut av tunnelen svarte og fulle av sot.

Kallar inn ekstra mannskap

Politiet har henta inn brannressursar frå Bergen og Røde Kors og Sivilforsvaret er kalla ut. Mellom anna har dei med seg eit spesielt friskluftsapparat.

– Er dette ein stor brann?

– Det er i alle fall mykje røyk, men sjølve brannen skal vere slokka, operasjonsleiar i politiet til NRK.

Stoppa trafikken

Monika Blikås var ein av dei fyrste bilane som kom bak den brennande semitraileren inne i den 11428 meter lange Gudvangatunnelen.

– Trafikken opp bakken gjekk saktare og saktare. Til slutt stoppa det heilt. Så hoppa ein mann ut av ein lastebil, med nokre blå lys i hendene og stoppa trafikken. Han sa at ein lastebil stod i fyr.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gudvangatunnelen

REDNINGSETATAR: Brannressursar frå Bergen er på plass etter at ein semitrailer tok fyr i Gudvangatunnelen.

Foto: Arne Veum / NRK

Passerte brennande lastebil

Blikås tok ikkje sjansen på å bli ståande i tunnelen bak den brennande semitraileren.

– Eg tenkte berre at her kan vi ikkje bli ståande, så vi peisa forbi. Det var ganske skummelt, for flammane stod ut frå førarsida av lastebilen. Eg tenkte berre at "Herregud, tenk om den eksploderer". Så vi måtte berre komme oss ut.

Etter Blikås hadde passert vart røyken så tjukk av dei nesten ikkje såg noko. Dei slo på naudblink og tåkelys, og lukta forferdeleg sur røyk. Då dei kom ut av tunnelen stod det mange bilar og ville inn i tunnelen.

Ettersom Blikås var ein av dei første ut av tunnelen forklarte dei kva som hadde skjedd i tunnelen og fekk stoppa bilistane.

Flammar i taket

Jørn Scholz var også blant dei første bilistane i tunnelen.

– For oss såg det ut som flammane stod heilt i taket av tunnelen, og det såg ut som heile semitraileren var i full fyr. Folk sprang til brannslokkingsapparata. Det var nok litt kaos der då, seier Scholz.

Han seier dei fyrste bilane inn fekk snudd seg raskt ut av tunnelen. Dei som kom etterpå er han usikker på om fekk snudd like raskt.

– Det var blant anna ein buss som prøvde å snu og ein trailer som prøvde å snu så det var ganske kaotisk inne i tunnelen, fortel Scholtz.

Ein personbil skal ha køyrt i fjellveggen inne i tunnelen truleg på grunn av røyk. I følgje politiet skal det berre ha blitt materielle skader etter ulukka.

Kø i Flåm pga brann i tunnel

BILAR I KØ: Også Flenjatunnelen er stengd på grunn av brannen. Her ser vi bilar som ventar på Flåm-sida.

Foto: Monika Blikås
Laster innhold, vennligst vent..