Hopp til innhold

Trafikkulukke på Strynefjellet

Naudetatane har rykt ut til eit trafikkulukke mellom Ospeli- og Grasdaltunnelen på rv. 15 over Strynefjellet. Ein bil med 8 personar har køyrt utfor vegen og velta. Operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt opplyser at alle personane har kome seg ut av bilen. Ein av personane har smerter i nakken og ein annan har smerter i ein fot, men ingen skal vere alvorleg skadde.