Hopp til innhold

To bilar i trafikkulukke på Kaupanger - to personar sende til sjukehus

To bilar har vore involverte i ei trafikkulukke på Kaupanger i kveld. Vegen opna for normal ferdsle kring klokka 21:30. To personar er sende til sjukehus for kontroll.

To bilar kolliderte på Kaupanger.

KOLLISJON: To bilar kolliderte på Kaupanger søndag kveld.

Foto: Christian Blom

– To bilar var involverte i ei møteulukke like ved Shell på Kaupanger. Ulukka har truleg skjedd då ein av bilane var i ferd med å svinge av hovudvegen, opplyser Nils Erik Eggen ved Politiets Operasjonssentral.

Det var ein person i kvar av bilane som var involverte i ulukka.

– Begge dei involverte er tekne med til Førde sentralsjukehus for kontroll. Det skal ikkje vere snakk om alvorleg skade, opplyser Eggen

Vegen var ei stund stengt, men det var gode omkøyringsmoglegheiter like ved. Like etter klokka 21:30 var vegen opna igjen.

Riksveg 5 var ei stund stengt etter kollisjonen.

EIN SKADD: Det var ein person i kvar av bilane som var involverte i ulukka, ein av desse er sende til lege.

Foto: Christian Blom