Hopp til innhold

Trafikkulukke i Lærdal

Ein personbil gjekk rundt og landa på taket på parkeringsplassen ved Felleskjøpet i Lærdal. To personar har fått mindre skrubbsårskadar og er køyrt til legevakta for sjekk. – Det er mogleg dei har svinga litt brått, med litt vel stor fart, seier Espen Rysjedal som er vaktleiar på Alarmsentralen. Bilen skal ikkje vere til hinder for trafikken og vil verte fjerna av eigar etter kvart.