Hopp til innhold

To personar skadde etter frontkollisjon

To menn i 70-åra vart skadde då to bilar frontkolliderte etter ei farleg forbikøyring ved Otternes i Flåm.

Ulukke i Flåm
Foto: Arne Veum

Eit augevitne seier til Bergens Tidende at det var ei stygg forbikøyring like før ulukka.

– Ulykkesbilen gjorde ei farleg forbikøyring av vår bil like før det smalt tre bila lenger fram. Føraren av den grå ulykkesbilen trefte den røde bilen i motgåande felt, seier Elin Takvam til avisa.

To køyretøy var involverte i møteulukka, og det var ein person i kvar av bilane.

– AMK opplyser til politiet at det er snakk om to menn i 70-åra. Begge er køyrt til sjukehus, den eine er køyrt til Voss og den andre til Lærdal, med smerter i bryst og bein, opplyser operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulukka har skjedd ved Otternes, like forbi Fretheimstunnelen på Aurlandsida. Naudetatane er på staden.

Politiet opplyste at vegen vil bli stengt i 30 minutt til ein time. Fretheimstunnelen vert også stengt for å hindre kø i den.

Ulukke Flåm
Foto: Arne Veum
flåm2