Hopp til innhold

To køyretøy involvert i trafikkuhell

Tre personar er sendt til legevakta for kontroll etter trafikkuhell på RV 5.

Trafikkuhell mellom Førde og Florø

KØYRDE I BAKFRA: To bilar var involvert i uhellet.

Foto: Truls Kleiven

Det har vore kollisjon mellom to køyretøy på riksveg 5 ved Hornnestunnelen i Førde like før kl 16 idag. Ein varebil skal ha køyrt i ein personbil bakfra.

Den fremste bilen hamna eit godt stykke ned på eit jorde like ved vegen.

Bilane var på veg i retning Førde.

Det skal ikkje vere snakk om personskadar, men tre personar er sendt til legevakt for kontroll, opplyser politiet.

Vegen var stengt, men er men opna for trafikk igjen ein halvtime seinare. Bilberging var raskt på staden.

Den eine bilen hadde tre personar og den andre ein person.

Bil hamna på jordet ved RV5

HAMNA PÅ JORDET: Bilen som vart køyrt i bakfra hamna på jordet.

Foto: Truls Kleiven