- Dette er ein reduksjon av servicenivået og eit steg i feil retning, seier bilforhandlar Audun Moe ved Berge & Co A/S i Sogndal. - Kjem ein kunde og vil ha bil med på dagen, så må dei kanskje vente til dagen etterpå, seier han.
Elektroniske tenester
Frå 1. mai i år har Trafikkstasjonen i Sogndal halde stengd to gonger i veka, kvar tysdag og torsdag. Tormod Gausdal, seksjonsleiar i Vegvesenet, seier grunnen hovudsakleg er reduksjon i bemanninga, i tillegg til at bilbransjen no i større grad kan nytte seg av elektroniske tenester. Difor er dei ikkje lenger like avhengige av å kome innom trafikkstasjonen.
Men Audun Moe har ikkje enda starta med elektronisk registrering, og sidan dei er næraste nabo til Trafikkstasjonen, synes han ordninga i dag er å føretrekke. - Kjem det ein kunde til oss tysdag når biltilsynet har stengt, så får ikkje kunden bilen med seg før dagen etterpå, seier Moe.
Må tilpasse seg
I tillegg til at dette går utover kundane, meiner både Audun Moe i Berge og Co i Sogndal og andre i bilbransjen i fylket som NRK har snakka med, at dette er ein kraftig reduksjon i servicenivået til Vegvesenet. Det har Gausdal forståing for. - No må kunden kome til oss når vi har ope, og ikkje når det passar dei, seier han.
Men det er ikkje berre i Sogndal dei har merka at Trafikkstasjonen i Sogndal har redusert opningstider. Også Biltreff i Førde har fått problem på grunn av dette, seier daglege leiar Erik Kvamme, som meiner at bilbransjen generelt i fylket taper på stenginga to gonger i veka.