Hopp til innhold

Trafikkrekord for Tindevegen

Aldri før har så mange bilistar køyrt Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø.

Bomstasjon Årdal-Turtagrø
Foto: NRK

Det private bomselskapet har registrert 31.000 bilar i år, dette er 4000 meir enn i fjor, som og var eit rekordår.

- Beste av norsk natur

Styremedlem i AL Fjellvegen Årdal - Luster, Frank Roger Eldegard, fortel at hovudtyngda av trafikken er turistar.

- Det ser vi på trafikktettleiken, spesielt i juli. Vi har og god trafikk i juni og august, men det er ein klar topp i juli. Mange køyrer vegen fordi vi har det beste som er å by på av norsk natur.

- Toler meir trafikk

- Kor mykje trafikk kan vegen tole?

- No er alle inntekter på vegen opp gjennom åra sidan starten på 1970-talet brukte på å heve standarden, så den er endra vesentleg. Vegen er no fem meter brei og har godt, nytt asfaltdekke over heile strekninga på tre mil. Eg trur vegen toler ein gode del meir trafikk enn det vi hadde i år.

Raskaste veg Bergen-Trondheim

- Korleis finn folk fram til denne vegstrekninga?

- Forhåpentlegvis er vi synlege når folk prøver å kome seg frå A til Å. Strekninga vår er ein del av det raskaste sambandet mellom Bergen og Trondheim, og det finn folk fort ut. No har vi etablert ei eiga nettside, slik at det er lettare å orientere seg om vegen.

- Men det er smalt på den siste strekninga ned mot Årdal?

- Du tenkjer kanskje på den utanlandske traileren som var i media i vår? Det er absolutt smalast på nedstigninga til Øvre Årdal, og når du er komen så langt er det for seint å snu. Men traileren kom seg ned, og det var nesten ei bragd i seg sjølv.

- Ny rekord kvart år

- 31.000 bilar i år, reknar du med ny rekord neste år og?

- Vi reknar med ny rekord kvart år, og vi har hatt ein fin auke dei siste seks-sju åra. Vi merka godt at vi fekk Lærdalstunnelen, men vi har hatt fin auke etter det og.