Hopp til innhold

Brukar du lysa på bilen feil? Det kan koste deg dyrt!

Mange bilistar brukar lysa feil på bilen sin. Dette er både ulovleg og trafikkfarleg og du kan få ei stor bot om politiet stoppar deg.

Grøftelys, også kjent som tåkelys eller kurvelys, er meir ei fare, enn til hjelp i trafikken. Feil bruk kan både blende andre bilistar og svekke eige syn. 
500 blir bøtelagt for dette i året. Både Statens vegvesen og politiet åtvarar.

TRAFIKKFARLEG: Brukar du ein farleg og ulovleg kombinasjon på bilen din? Sjå TV-saka.

– Dette er blendande både for bilistane som kjem imot, men også for dei som sjølv køyrer med slike lys, seier Ronny Vårdal frå Askvoll oppgitt.

Geir Leon Hetle

TRAFIKKFARLEG: Inspektør Geir Leon Hetle ser dagleg bilistar som ikkje følger dei reglane som gjeld om lysbruk. Dette kan vere trafikkfarleg både for sjåførane sjølv og andre som ferdast langs vegen.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Mange bilar har såkalla kurve/tåkelys, også kalla grøftelys, i grillen på bilen sin. Men desse kan vere meir til fare enn til hjelp i trafikken. Feil bruk kan både blende andre bilistar og svekke eige syn.

Fryktar det kan skje ulukker

– Folk trur kanskje at dei ser betre ved å bruke lysa på denne måten, men det gjer dei ikkje, seier Vårdal som sjølv er mykje ute på vegen.

Han fryktar i verste fall at kombinasjonen av grøftelys og nærlys kan føre til alvorlege ulukker.

– Både den som brukar lysa feil og dei som blir møtte av slike bilar kan risikere å køyre på både fotgjengarar og til dømes hjort, seier Vårdal.

Både politiet og Statens vegvesen åtvarar no om å ha feil lys på bilen.

– Det er ikkje tillate å bruke kurve/tåke-lys samstundes som du brukar nærlys. Dette er ikkje lov verken når det er lyst eller når det mørkt, seier inspektør Geir Leon Hetle ved Statens vegvesen i Førde.

Dårleg sikt framover

Bil med nærlys

LOVLEG: Her er nærlysa på og dei skal lyse minst 40 meter fram.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Bil med parklys og grøftelys

ULOVLEG I MØRKET: Kombinasjonen med parklys og grøftelys kan du nytte om dagen, men er forbode når det er mørkt.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Bil med grøftelys og nærlys

ULOVLEG: Her er både grøftelysa og nærlysa på. Dette er alltid ulovleg, både dag og natt.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Han og dei andre inspektørane ved trafikkstasjonen ser dagleg folk som slurvar med lysbruken. Mellom anna dei som har parkeringslys og grøftelys samstundes. Dette er ein kombinasjon som er lovleg når det er dagslys, men er forbode i mørket.

– Køyrer du med grøftelysa og parkeringslys i mørket, har du berre 10–15 meter med opplyst område framfor bilen. Denne kombinasjonen er lov når det er lyst ute, men altså ikkje på kvelden og om natta.

Kravet i køyretøy-forskrifta er at eit nærlys skal lyse opp minst 40 meter framfor bilen og langlysa minst 100 meter.

– Køyrer du i 50 km/t, vil du ikkje ha meir enn eit sekund frå du ser ein hindring, som til dømes ein fotgjengar, til du må ha stoppa eller svinge unna. Det er ikkje så enkelt å få til om du ikkje brukar nærlyset, seier han.

– Kvifor køyrer folk med ein slik kombinasjon av lysa i mørket?

– Eg kan ikkje gi noko godt svar på det. Vi ser at i enkelte ungdomsmiljø er det tøft. Det vi ser mest brukt, er nærlys kombinert med tåkelysa. Det gjeld både unge og dei eldre. Det er altså ikkje lovleg uansett når på døgnet det er, seier han.

Kan blende andre bilistar – og seg sjølv

Feil lysbruk er trafikkfarleg og det er fleire grunnar til at det er ulovleg.

Kurve/tåke-lyset lyser opp eit område framfor bilen såpass mykje at det forstyrra auga til føraren av bilen. Dette blir kalla sjølvblending.

– Auga vil tilpasse seg det veldig godt opplyste området rett framfor bilen og då mistar føraren sikta framover. Den møtande bilen vil oppleve det som sjenerande at bilen har doble sett med lys i fronten. Han vil også få dårlegare sikt på grunn av den møtande bilen sine lys, seier Hetle.

Til stor irritasjon

Det kan vere til stor irritasjon for andre som køyrer langs vegen at enkelte, bevisst eller ubevisst, ikkje følgjer dei reglane som gjeld.

– Det er mange som blir irriterte over feil lysbruk. Møter du ein slik bil, blir du ofte blenda. Det er både trafikkfarleg og irriterande. Samstundes er det ikkje kjekt å få ein slik bil bak deg, for då får du stor lysmengde inn i spegelen din. Så dette er heilt klart ei kjelde til irritasjon, seier Hetle.

– Er det dei yngste bilførarane som tykkjer bilen ser kulast ut med to sett framme?

– Ut frå det vi ser, er det dei yngste som køyrer med parkeringslys og tåkelys i mørket. Der er nok dei overrepresenterte. Når det gjeld feil bruk med nærlys og kurvelys, er det nok jamt fordelt på alle aldrar.

– Kva gjer det om de oppdagar bilistar som køyrer slik?

– Vi opplyser om at det er feil bruk og ber dei slå på dei lyktene som er påbodne å ha. Vi har ingen moglegheit til sanksjonar, det ligg hos politiet, seier han.

Får 2000 kroner i bot

Øyvind Olsen

SKRIV UT BØTER: Politibetjent Øyvind Olsen seier folk må bruke rett lys til rett tid, eller kan det vanke eit forenkla førelegg.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Kvart år får om lag 500 bilistar i Norge forenkla førelegg for ulovleg bruk av lysa. Politibetjent Øyvind Olsen seier dei kvar dag ser bilistar som brukar lysa på bilen feil.

– Vi ser ein god del som køyrer med grøftelys når det er mørkt. Det er sikkert både bevisst og ubevisst. Bilistane kan få eit forenkla førelegg på 2000 kroner for feil lysbruk, seier han.

– Når du stoppar folk med feil lysbruk, kva seier dei?

– Enkelte veit ikkje at dei har på grøftelysa. då gir vi eit pålegg om å utbetre feilen. Om ikkje det blir gjort, kan vi skrive ut forenkla førelegg.

– Er det enkelte som gjer det med vitande og vilje fordi det ser kult ut på bilen?

– Ja, det er det sikkert, seier han.

Håpar politiet og Vegvesenet er strenge

Olsen seier det er viktig å følgje dei lovene som gjeld for at det skal vere tryggast mogleg å køyre i trafikken.

– Det går på tryggleiken. Det handlar både om å sjå sjølv og bli sett på rett måte. Du ser ikkje veldig godt med parklys og grøftelys. Difor må du bruke rett lys til rett tid, seier han.

Bilist Ronny Vårdal skulle aller helst sett at politiet og Vegvesenet hadde hatt aksjonar for å luke ut problemet.

– Eg skulle ønske dei kunne hatt kontrollar der dei vinka inn annakvar bilist som hadde feil på lysa og bøtela alle. Kanskje hadde folk lært då, seier han.