Hopp til innhold

Her måtte du vente - men no går trafikken utan problem

Laurdag var det ventetider på om mot ein halv time på ferjestrekninga Oppedal-Lavik, men no i ettermiddag går trafikken som normalt.

Kø på Oppedal ferjekai

KØAR: Det er mange som skal over Sognefjorden for å komme seg heim til påske. Tidlegare i dag var det ventetid på ein halv time, men trafikken går no som normalt.

Foto: John Kenneth Aase

– Det stod att bilar til om lag ei ferje, sa vakthavande ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Jan Erikstad til NRK.no i 15-tida.

Klokka 15.15 melder Statens vegvesen at køane har løyst seg opp, og at trafikken går som normalt.

Fredag var det sett inn ei ekstra ferje, og då var det ikkje køar å snakke om. Men laurdag er det berre to ferjer som trafikkerer strekninga, slik det normalt er, og tidleg laurdag ettermiddag var det ein del kø på Oppedal ferjekai.

– Dei tek unna så fort dei kan, men det er iallfall ein halv times venting akkurat no, sa Erikstad i 15-tida.

Set inn ekstra ferje

Onsdag vert det sett inn ei ekstra ferje på strekninga frå klokka 13. Det vil det også bli på 1. og 2. påskedag, for å ta unna når påsketuristane skal heim att.

Erikstad fortel at påsketrafikken så langt har gått relativt uproblematisk.

– Det var mykje trafikk mange stadar fredag, men det vart ikkje meldt om problem eller trafikkuhell, så vidt eg veit. At det vert litt opphoping på ferjekaiane med så stor trafikk, må ein nesten berre rekne med, seier Erikstad.

Ruskevêret som har komme inn over fylket, har ikkje ført til store problem det heller. Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av rasfare, og vert ikkje opna att laurdag.

– Det ser usikkert ut også for søndag, då det er meldt endå meir vind i fjellet. Men det lyt vi sjå på når vi kjem så langt, seier Erikstad.

Har gått eit mindre ras på rv. 15

Både på riksveg 52 Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell er det gode køyreforhold med tilnærma snøfrie vegar, og nedbøren kjem som regn. Vegvesenet åtvarar likevel mot fare for glatte parti.

– Men det er fine forhold, alt teke i betraktning, seier Erikstad.

Både fylkesveg 53 Tyin-Årdal og fylkesveg 50 Hol-Aurland er opne. Her er det vekslande bart, og fare for glatte parti einskilde stadar.

På riksveg 15 ved Skredestranda har det gått eit lite ras, og det har rasa ned nokre tre i vegbana. Vegen vart stengd klokka 16 på grunn av opprydding.

– Det vert lagt opp til ledekøyring frå klokka 17. Omkøyringsmoglegheiter er via fylkesveg 698 Panoramavegen, seier Erikstad.