NRK Meny

Trafikkauke på Sandane lufthamn

Sandane lufthamn var den flyplassen i Sogn og Fjordane som hadde størst auke i trafikken i november, samanlikna med same månad i fjor. Auken var på 9,2 prosent. Førde lufthamn hadde ein auke på 3,1 prosent. Sogndal lufthamn hadde ein nedgang på 2,2 prosent. For Flørø lufthamn held nedgangen fram. Innlandstrafikken gjekk ned med 18,7 prosent, offshoretrafikken gjekk ned men 21,6 prosent.