Hopp til innhold

Torsheim har venta i 24 år

Mulitikunstnaren Oddvar Torsheim vart førespegla eit permanent utstillingslokale i Førde då han fylte 50 år.

Til hausten fyller han 74 år. Han seier til Firda at han no tykkjer det tek til å haste.

Tidlegare kultursjef i Førde, Håkon Fimland, seier dei prøver å skaffe Torsheim eit deponi, men at dei ikkje er i mål enno.

Torsheim sjølv er ikkje interessert i eit lager, han seier at kunst skal sjåast, ikkje arkiverast.

Han seier han vurderer å sjå seg om etter andre stader.