Hopp til innhold

Torpedo skulle fjerne politimenn

Førdemannen (24) og torpedoen avtalte både pris og oppdrag.

Lensmann Kjell Fonn

Lensmann i Førde, Kjell Fonn, vil ikkje kommentere saka.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Etter at politiet endevende bustaden til førdemannen (24) og kverrsette store mengder anabole steroidar i fjor, skal mannen ha fått nok av det lokale narkotikapolitiet.

- Han snakka fleire gonger om at han ville kvitte seg med dei, seier ein person med kjennskap til saka, til Bergens Tidende.

Ville kvitte seg med politimenn

Mannen skal ha gått inn på internett og kome i kontakt med ein tidlegare våpendømd bergensar (26). På MSN har dei to diskutert kva som kan gjerast for å stogge to namngjevne personar i politiet. Den eine var etterforskingsleiar, medan den andre arbeidde som narkospanar.

I følgje avisa skal førdianaren ha vore villig til å betale mellom 20.000 kroner og 50.000 kroner for å bli kvitt politimennene. Oppdraget skulle finansierast frå handel med narkotika og doping.

Ladd pistol på nattklubb

Det førdemannen ikkje visste var at politiet følgde med på både MSN-meldingane og epostane hans. Politiet skal ha teke truslane med stort alvor.

I følgje avisa vart ikkje uroa mindre då politiet kontrollerte bakgrunnen til bergensaren. Han er to gonger dømd for brot på våpenlova. I 2004 vart han dømd for å gå på nattklubben Metro med ladd automatpistol. To år seinare fann politiet pumphagle heime hos mannen.

- Ingen kommentar

Førdemannen vart pågripen. Det same vart torpedoen i Bergen. Her fann politiet ei avsagd hagle.

Verken lensmann i Førde, Kjell Fonn, eller advokaten til bergensaren, Ingvar Frostad, ynskjer å kommentere saka ovanfor BT.

Den aktuelle Førde-mannen skal gjennom kryptiske meldingar på epost og MSN ha styrt steroide- og narkotrafikk.