Hopp til innhold

Tord Dale til Fiskeridepartementet

Tord Dale frå Sogndal er frå i dag politisk sekretær i Fiskeri- og kystdepartementet.

Politisk rådgiver Tord Dale i Helse- og omsorgsdepartementet.

NYTT FAGFELT: Tord Dale.

Dermed byter han frå Helse- og omsorgsdepartementet, der han har vore politisk rådgjevar sidan 2010. I ein periode i fjor vikarierte han og som statssekretær i det departementet.

– Stor overgang, men spennande

Men no blir det heilt andre fagfelt for sogndølen, og det gler Tord Dale seg til.

– Det blir ein stor overgang, men samstundes er fisk viktig for helsa, slik sett heng det saman. Eg trur det blir ein annan kvardag, men det tykkjer eg er spennande.

– Det kan vere godt å kome inn på eit nytt område og kanskje sjå ting med nye auge, så eg gler meg veldig til å arbeide med fiskeri, havbruk og kystpolitikk.

Frå før er Unni Berge frå Bygstad politisk sekretær for utviklingsminister Heikki Holmås.