Hopp til innhold

Tok sitt første cupgull med RBK

Naustedølen Jacob Storevik (16) tok sitt aller første cuptrofé med Rosenborg med stil. Først sette han dei svartkvite si første straffe, så avgjorde han straffekonkurransen med redning.

Jacob Storevik vart cupmeister med Rosenborg.

JUBEL: Med Jacob Storevik (nr. 2 bak frå venstre) på laget tok Rosenborg sitt 14. cupmeisterskap for junior- og senior.

Foto: rbk.no

I fjor tapte Jacob Storevik semifinalen i cupen med Florø sitt juniorlag mot nettopp Rosenborg. I år heva han cuptrofeet som Rosenborg-spelar etter 5–3 over Brann i Bergen.

Det toppar alt han tidlegare har gjort på fotballbana.

– Det er nok kanskje det største eg har opplevd til no. Å vinne juniormeisterskapen som 16-åring er stort, gliser han etter banketten laurdag.

Sette første straffa

Jacob Storevik

TROFÉ: Jacob Storevik med pokalen.

Foto: rbk.no

Cupfinalen på Brann stadion i Bergen var reprise av fjorårets. Sigerherrane vart også den same, slik at Rosenborg no har fem cupmeisterskap for juniorar.

Dei svartkvite leia to gonger, men vertane kom tilbake kvar gong. Etter to mållause ekstraomgangar gjekk cupfinalen til straffespark. Først ut var nettopp Storevik.

– Eg kjenner meg trygg på straffe, og står ofte att på treningsfeltet og skyt straffer. Det er gøy, gliser han.

– Hadde ei god kjensle

16-åringen var sikkert frå kritmerket og vann keeperduellen mot Øystein Øvretveit. Då Storevik i tillegg redda Brann si fjerde straffe, kunne trønderlaget heve armane som cupmeistrar 2012.

For dei tapande cupfinalistane spelte også son til tidlegare Førde-spelar, Rune Vindheim. Andreas Vindheim sette raudtrøyene si tredje straffe i tverrliggjaren.

– Eg hadde ei god kjensle då kampen gjekk til straffekonkurranse. Eg gler meg alltid til straffekonkurransar. Då kan du bli helten, gliser 16-åringen som i haust reiste til Trondheim.

– Det var litt ekkelt

Kampen gjekk på ei tung og våt grasmatte i vestlandshovudstaden. Med 3.000, hovudsakleg skrikande bergensarar, på tribunen, var råma ei heilt anna enn Storevik er vand med frå fotballen i fjordfylket.

Det var også noko heilt anna enn erfaringane frå dei fem 2. divisjonskampane han i haust har fått med Rosenborg sine nest beste.

– Det var litt ekkelt, men mest gøy eigentleg. På tribunen var det mange brannsupporterar og du høyrde mykje roping og buing, seier han.

Vil ha meir

– Brann var nok det beste laget. Dei skapte fleire sjansar enn oss. Men på 2–2 i ekstraomgangane virka det mest som om begge lag berre venta på at det skulle bli straffesparkkonkurranse, seier Storevik.

På seniorsida har Rosenborg ni cupmeisterskap sidan 1902. 16-åringen håpar å kunne få vere med på fleire cupmeisterskap med trønderlaget dei neste åra.

– Blir det cupmeisterskap som senior som blir det neste?

– Nei, det trur eg ikkje. Eg har framleis tre år att som junior.

Forhastar seg ikkje

Storevik er tredjekeeper hos den noverande serieleiaren i Eliteserien. Etter overgangen har 16-åringen fått ein god smakebit på korleis tilveret som fotballspelar på heiltid er.

Han har ingen planer om å forhaste seg inn i duellen om å få vakte buret til førstelaget.

– Eg tenker at om to-tre år, så bør eg vere der. Det er jo berre ein skade eller raudt kort som skal til før eg er på benken, men eg har ingen håp om å få spele med det første, seier han og legg til: