Hopp til innhold

Gard (15) har teke fire NM-titlar på tre månader

Med fire av fire moglege NM-titlar har Gard Eiken Flage skrive seg inn i historiebøkene. – Det kjennest ganske godt, strålar 15-åringen.

Gard Eiken Flage

NØGD: Gard Eiken Flage har tatt fire av fire moglege NM-titlar i biljard i år. – Det er eg nøgd med. Eg hadde eit lite håp om å klare det før vi starta i år, så det kjennest ganske godt å faktisk ha klart det, seier han.

Foto: Arnhild Eiken

Biljardspelarane frå Hyllestad henta heim ikkje mindre enn 10 medaljar då andre del av NM vart arrangert i Fredrikstad i helga.

Gard Eiken Flage

FIRE: Gard Eiken Flage frå Hyllestad med ein av sine fire NM-pokalar i år.

Foto: Privat

I februar vann Gard Eiken Flage 10 og 14.1-ball . I helga vart det full pott med siger også 8- og 9-ball.

– Tommy Wolff tok alle juniorgulla då det var tre disiplinar, så det er kjekt å vere den første tek alle fire, gliser den EM-klare 15-åringen frå Hyllestad.

Hyllestad-finale

Det er ti år sidan at 10-ball kom inn som den fjerde NM-disiplinen. Sidan har ingen teke full pott i juniorklassa. Før i år.

Gard Eiken Flage og Stein Tore Nybakk før finalen i 8 ball.

HYLLESTAD: Gard Eiken Flage (t.v.) og Stein Tore Nybakk var både lagkameratar og finalistar i 8-ball i helga.

Foto: Privat

Etter ein knapp 6–5 siger i semifinalen på 8-ball, tukta Flage lagkamerat Stein-Tore Nybakk i finalen.

– Det var så vidt, men eg er mest nøgd med sigeren på 9 ball. Der spelte eg best, gjorde minst feil og var ikkje like nervøs i semifinalen og finalen, seier Flage.

Like roleg som skjæra

Vegar Kristiansen har ansvaret for dei norske juniorutøvarane i biljard. Han let seg imponere over den unge Hyllestad-spelaren.

– Gard er ein veldig fin type, som kosar seg med biljarden. Medan ein del andre blir veldig innbitne og lever seg sterkt inn i kampane, så er Gard like roleg som skjæra på tunet, seier han.

Samstundes åtvarar han biljardtalentet mot å kvile på lauvbæra.

– Det er suverent å vinne alle fire, men det er fleire konkurrentar som er rett i hælane på han. Også i hans eigen klubb, seier han.

Vilde M. D. Holme, Nina Torvund, Katja Wolff.

EM-KLARE: Vilde M.D. Holme tok gull medan Nina Torvund tok sølv i begge disiplinane i helga. Katja Wolff tok si første NM-medalje. Alle er uttekne til EM i juli.

Foto: Privat

Håpar på EM-medalje

Flage reiser i juli til junior-EM i Albania. Ein meisterskap der Hyllestad har fem av ti norske deltakarar. Fire av fire moglege NM-titlar gir sjølvtillit inn mot meisterskapen.

– Fire sigrar i NM gir god sjølvtillit inn mot EM. Eg har håp om medalje anten på lag eller individuelt, men då må det verkeleg klaffe. Det er mange gode spelarar i EM, seier 15-åringen.

Jardar Eiken Flage

EM-KLAR: Jardar Eiken Flage fekk sølv og bronse i helga, noko som truleg gjer han til ein av to eller fire utøvarar som Norges biljardforbund sender til EM i Italia i oktober.

Foto: Privat

Kristiansen vil ikkje legge lista for høgt. Sjølv om Gard er av dei som kan hevde seg.

– Gard er ung og har mange år føre seg. I år er EM eit læreår. Målet er å spele bra. Gjer han det, så kjem også resultata. Det handlar om å prestere mot sterke konkurrentar.