Hopp til innhold

Ville ikkje skuffe publikum - tok privatfly for å rekkje konserten

Hanne Krogh og hennar tre tenorar ville ikkje skuffe 1000 festpynta publikummarar, så dei leigde eit privatfly for å rekkje konserten.

Hanne Krogh og tre tenorer

SKUFFA IKKJE: Hanne Krogh og tenorane Thomas Ruud, Nils Harald Sødal og Marius Roth.

Foto: K&U / Handout

Det var fredag kveld at Krogh og tenorane skulle halde to utselde julekonsertar i Operahuset Nordfjord.

Ho skulle eigentleg lande på Sandane i halv to-tida og dermed ha god tid til konsertførebuingar. Men først fekk dei beskjed om at flyet var forseinka, før det til slutt blei innstilt på grunn av problem med landingshjul.

Hanne Krogh fortel at flyselskapet ville sende dei til Ålesund og så til Eid med buss på glatte vegar. Dermed ville dei komme altfor seint og ho ville ikkje skuffe publikummet som venta.

Det var blitt for mørkt til å fly helikopter frå Ålesund, og til slutt var einaste moglegheita å leige eit privatfly.

Måtte droppe prøvane

Ifølgje Fjordabladet blei det ikkje tid til å ei planlagd fellesøving med Eid mannskor og D-kor frå Nordfjordeid. Dermed måtte dei gå på scena utan lydprøver først.

– Det blei ein «stup og skyt-jobb». Vi fekk ikkje tid til nokon for form for lydsjekk og lydmannen gjorde ein veldig bra jobb Også dei lokale kora gjorde ein kjempeinnsats, seier Hanne Krogh til NRK.no.

Skryt av nordfjordingane

Halvannan time forseinka kom konserten i gang og ho rosar også publikum som venta tålmodig.

– Det er tøffe og modige folk i Nordfjord. Det må vere spesielle gener som har overlevd der.

Privatflyet må ho betale sjølv og ho meiner det var verdt det.

– Her har folk sett av ein fredagskveld, pynta seg og køyrd på glatte vegar. Vi måtte gjere vårt ytterste for å finne ei løysing. Dei blei ein heilt fantastisk kveld til slutt.