Kjetil Husby frå Lørenskog var saman med familien på Sørheim i Lustrafjorden førre laurdag. Han var utrusta med laksestong, og hadde tilfeldigvis nett skifta snøre. 0,44 millimeter sen var på plass, og laurdag ettermiddag kasta han uti fjorden med ei 25 grams stingsild.
Skjønte det var storfisk
Men det var nesten ikkje fisk å få i fjordarmen inst i Sognefjorden denne kvelden. Ikkje før det brått hogg til i stonga. Husby var heilt ubudd på dette, og skjøna at det måtte vera noko tungt i enden av snøret. Fisken drog ut fire-fem gonger. I ein halv time baska Husby med fisken, før han fekk han så langt inn at han såg det var ein fin kveite som hadde bite på. Då byrja utfordringane for alvor.
Kroken fall ut
Husby fekk hjelp av svigerfar Arild Karlsen til å prøve å lande kveita. Men dei hadde korkje klepp eller stor nok håv. Dermed hoppa svigerfar uti, og prøvde å ta den store fisken med berre nevane. Eit forsøk med å bruke kniv enda med at knivbladet knakk, og brått datt kroken ut av fiskekjeften medan kveita framleis var i vatnet. Dermed hoppa også fiskaren uti, og ved hjelp av handemakt og ein tøff kamp greidde dei to karane å få kveita på land.
30-35 kilo
Fisken vart målt til 1,22 meter, og i mangel av vekt vart tyngda anslått til 30-35 kilo. Dermed var kveldsmaten sikra.