NRK Meny
Normal

Vener og familie heime venta i spenning

Medan elevane stod skårfaste og kalde og venta på hjelp i 1700 meters høgde var det hektisk aktivitet to andre stader. På Jostedalen hotell og Nordhordland folkehøgskule.

Jostedalen Hotell og Laila Gjerde

TOK VARE PÅ ELEVANE: Laila Gjerde ved Jostedalen hotell sov berre eit par timar, og var oppe for å lage pizza til elevane, som fekk seg ei varm seng på hotellet. Ho frykta lenge det verste.

Foto: NRK: Montasje

– Det var dramatisk. Vi fekk melding om at dei sat fast i 1700 meters høgde og visste ingenting anna enn det, seier inspektør ved Nordhordland folkehøgskule, Harald Wiig Andersen.

For tysdag ettermiddag gjekk det gale på vegen ned frå Lodalskåpa, som ruvar 2083 meter over havet på grensa mellom Stryn og Luster kommunar, og er det høgste punktet i Stryn og på Jostedalsbreen.

Elevane som var på den første toppturen dette skuleåret vart overraska av dårleg vêr og tåke, og gjekk seg fast på vegen ned.

– Var nesten i sjokk

Ein del folk frå folkehøgskulen samla seg like etter beskjeden hadde kome. Dei forsøkte først å få tak i alle foreldre. Deretter kontakta dei elevane på skulen, vener av dei som sat fast på fjellet.

– Dei var nesten i sjokk dei også, og hadde mange spørsmål: «Korleis er det der oppe? Er dei i snøen? Frys dei?» Vi svarte så godt vi kunne, seier Wiig Andersen.

Men stemninga vart betre utover natta. To erfarne breførarar vart flogne eit stykke, før dei tok seg opp til elevane med utstyr og støtte. Elevane vart som kjend frakta ned med luftambulansen.

– Vi fekk meldingar undervegs om at alt gjekk bra med elevane. Då vi fekk høyre at alle var kome ned var vi veldig letta. Eg vil gjerne takke alle i det fantastiske hjelpemannskapet som har fått ned elevane våre i god behald.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ventar på helikopter
Foto: Roger Vik / NRK

Frykta det verste, men gav varme

Laila Gjerde ved Jostedalen Hotell tok over då hjelpemannskapet hadde gjort sin jobb. Ho var budd, og stod klar med pizza og brus til elevane.

– Dei var sjølvsagt veldig glade då dei kom ned og fekk litt mat. Dei var veldig glade. Litt kalde, men veldig glade. Dei var ved godt mot. Dei sa dei hadde klart seg fint gjennom natta. Dei var også glade for å kunne ta ein telefon heim att.

Ho fekk allereie tysdag kveld beskjed om at elevane og læraren kanskje ville kome til hotellet. Då ho først fekk høyre at elevane sat fast, frykta ho det verste.

– Ein tenkjer sjølvsagt at dette kunne vere veldig gale. Men det gjekk jo kjempeflott.

Gjerde seier elevane var godt kledde, men ikkje hadde noko imot varmen, varm mat og varm søvn.

– Dei ville ligge litt lenge og sove, og så får dei ein sein frukost, seier ho.

Håpar turen held fram

I Nordhordland er inspektøren glad for å høyre om oppvartinga elevane hans har fått.

– Det er kjempeflott. Det er vel kvile dei treng. Eg håpar dei får sove godt ut, og så får vi sjå om dei ønsker å fortsetje turen i Sogn, seier Wiig Andersen

Folkehøgskulen har hatt turar til Sogn og fjellheimen sidan tidleg på 90-talet. Inspektøren håpar elevane vel å halde fram med turen, som etter planen skal vare til fredag.

– De har så mange fjell der oppe. Dei får finne seg ein flott stad og nyte livet ute i naturen. Det håpar eg verkeleg dei gjer.

Han seier dei vanskeleg kunne føresjå kva som kunne skje.

– Tåke er vanskeleg å føresjå. Læraren har vore på breen og på Lodalskåpa sidan 1990 og er ein veldig erfaren mann. Tåke er uberekneleg for han som oss andre, seier Wiig Andersen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.