Hopp til innhold

Var på opningstur for skuleåret - no sit dei fast på 1700 m.o.h.

Dei 15 elevane frå Nordhordland Folkehøgskule som sit fast på Lodalskåpa skal etter planen vere i Nordfjord denne veka for å gå på toppturar.

Base for redningsaksjon på Lodalskåpa

MANNSTERKE: Både politi, Sivilforsvaret, Røde Kors, to alpine redningsgrupper og luftambulansen er med i redningsaksjonen.

Foto: Roger Vik / NRK

– Klassen det er snakk om er ein idrett og friluftsklasse. Kvart år dreg dei på ein slik tur som ei opning på skuleåret, så læraren som er med har lang rutine på denne turen her, seier Jan Inge Wiig Andersen ved Nordhordland Folkehøgskule på Frekhaug like utanfor Bergen.

Politiet fekk melding så tidleg som 17.37 om at følgjet hadde problem med å komme seg ned frå den 2083 meter høge Lodalskåpa, som ligg på grensa mellom Stryn og Luster kommunar og er det høgste punktet i Stryn.

Skuleklassen sit fast i Breheimen vest for Lodalskåpa, like nord for Ståleskaret på 1700 m.o.h.

Klokka 22.30 vart det meldt om betre vêr i området, og eit redningshelikopter er på veg inn der klassen sit fast.

Var godt førebudde på turen

Nordhordland Folkehøgskule er Norges største folkehøgskule med ti linjer og 170 elevar. Elevane som er på tur er alle i alderen 19 til 20 år.

– Det er nok litt varierande kor godt fjellvane elevane er. Men dei har søkt på ei idrett- og friluftslivsskule, og dei er godt førebudde før dei drog på skulen. Dei har også med seg lærar som er svært rutinert på mellom anna denne turen her, seier Andersen.

Skulen har sett i verk tiltak for å halde familiane til skuleelevane oppdaterte om det som skjer.

– Eg har ein gjeng som sit ute og ringjer, og eg trur dei aller fleste har fått beskjed no. I tillegg har vi lagt ut informasjon på heimesida til skulen, og denne vert fortløpande oppdatert, seier Andersen.

Klassen er på veg ned att frå fjellet, men melde på grunn av tett tåke ifrå til politiet om at dei trengde hjelp til å finne vegen ned. GPS-posisjonen deira er kjent, og ei alpin redningsgruppe vart tidlegare i kveld flogen inn til Kåpevatnet og har gått til fots mot staden der klassen er.

(Artikkelen held fram under kartet)

Lodalskåpa

Veit dei er i lag med ein rutinert lærar

Andersen legg til at han ikkje har hatt kontakt med læraren som er med elevane, både grunna dårleg dekning, men også fordi det er best at han brukar mobilbatteriet til det det er mest bruk for.

– Førebels veit eg ikkje så mykje. Eg har vore i kontakt med politiet og fått beskjed om at dei har det bra der oppe, at ingen er skadde og at dei har godt med utstyr med seg, seier Andersen.

Han legg til at sjølv om det ikkje er ein kjekk beskjed å få, så er han trygg på at elevane er i dei beste hender.

– Det er slikt som ein helst vil sleppe, det er ikkje noko kjekt. Men eg veit at dei er i lag med ein rutinert lærar og har godt med utstyr, og eg håpar verkeleg at dette går veldig bra, seier Andersen.

Skuleklassen skal etter planen vere i området i Nordfjord ei vekes tid.

– Dei skal gå i det området, ja. Om det vert endringar i planane etter dette, er det for tidleg å seie noko om, seier Andersen.