Hopp til innhold

Tok hand om rusa personar

Tre personar vart i natt tekne hand om av politiet fordi dei var overstadig rusa. To menn, i Florø og på Hermansverk, vart køyrde heim frå sentrum. I Førde kom politiet over ei kvinne i 30-åra som dei skyssa heim. Ein gut i tenåra kan dessutan vente seg eit oppgjer med politiet, etter han nytta falsk legitimasjon på ein utestad i Florø, og i Førde vart ein mann meld for urinering.