Hopp til innhold

Tok fyr i PC og drone på lading - kvinne send til sjukehus

Ei kvinne er send til Førde sentralsjukehus etter at det tok til å brenne i elektriske artiklar i eit bustadhus på Sande i Gaular lurdag ettermiddag.

Sande i Gaular

– Kvinna var åleine i huset då ho oppdaga at det hadde fatna i ein PC og ei drone som stod på lading. Det er uklart om det har teke fyr i leidningane eller i PCen eller dronen, seier vakthavande ved 110-sentralen, Espen Rysjedal.

Kvinna freista sjølv å sløkkje medan ho tok kontakt med brannvesenet.

– Det var ganske stor røykutvikling og det hadde også teke til å brenne i eit bord, seier Rysjedal.

Kunne vorte skummelt

Då brannvesenet kom til staden, sløkte dei restane av eld med eit handklede, før dei utførte ettersløkking.

– Viss det ikkje hadde vore folk i huset kunne dette fort vorte skummelt, seier Rysjedal.

Brannvesenet er no ferdige på staden og rommet er lufta ut.

– Men når elektronikk og plast har brunne, vert det veldig ekkel røyk, noko som slett ikkje er bra å puste inn, seier Rysjedal.

Kvinna skal ha vore oppegåande etter hendinga, men vart send til sjukehus for ein sjekk.

Det vil bli oppretta sak på forholdet, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Marianne Føleide.